Saman for livet

Det er ikkje alle i heile verda som har fått med seg at dei norske soldatane i Irak ikkje driv med krig, sjølv om både Kjell Magne Bondevik og Jan Petersen har gitt beskjed om det.

Det er ikkje alle i heile verda som har fått med seg at dei norske soldatane i Irak ikkje driv med krig, sjølv om både Kjell Magne Bondevik og Jan Petersen har gitt beskjed om det.
Det må bety at ikkje heile verda høyrer etter på det Petersen og Bondevik seier. Noko som sjølvsagt er trist for Bondevik og Petersen, men det gir også eit slags håp for resten av verda.

Då det kom fram at talsmenn i det amerikanske forsvarsdepartementet rekna Norge som ein del av okkupasjonsstyrken, bad norske styresmakter umiddelbart om ei forklaring frå amerikanarane. Her er ein omsett versjon av mailen amerikanarane sendte tilbake:

«Kjære gode allierte!

Takk for all støtte.

Viser til dykkar e-post vedr. norsk deltaking i den såkalla okkupasjonsstyrken i Irak. Det er heilt rett at vi reknar Norge som ein del av koalisjonen og ein lojal støttespelar i vår kamp mot terrorismen.

Grunnen til at vi alltid har rekna dykk som ein del av koalisjonen, er at utanriksminister Jan Petersen stadfesta dette for ei tid tilbake då vi bad han om å avklare Norges posisjon i Irak-konflikten. Petersen sendte oss dette svaret:

«Det er på det reine at det dei amerikanske styrkane no gjer, er ein situasjon som det må vere det beste å sjå på og der jobbar også Norge utfrå at situasjonen er noko vi vurderer med kontinuerlig blikk på amerikanarane.»

Dette er, som alle kan sjå, heilt meiningslaust. Vi forstod raskt at dette måtte vere ei koda melding.

Vi sette våre beste dekrypteringsekspertar i arbeid. Først jobba ein lenge utfrå ein røvarspråk-teori som viste seg å vere feil.

Då alt anna var prøvd, såg vi oss nødt til å kontakte den spesialtrente elitegruppa vår, Decrypt Force Codecrusher Elite Unit Sir! (DFCEUS!) som arbeider med å lese berre fjerdekvart ord i koda meldingar. Dei klarte etter mykje arbeid å knekke koden i Petersens melding. Les du berre fjerdekvart ord i Petersens svar, får du:

«Det reine amerikanske er det beste og Norge er med amerikanarane.»

Då etterretningstenesta vår i tillegg fann eit kart over Norge med ein firkant og eit kryss på, var det ingen tvil. Vi hadde ein alliert.

Håper dette er eit godt nok svar på spørsmålet dykkar, og måtte vår kamp bli krona med siger!

No gleder vi oss veldig til å også knekke koden i brevet vi nettopp fekk frå Kjell Magne Bondevik:

«Det er klart at vi på ingen måte ønsker at våre soldatar er medansvarlige for både død og lidingar som over tid handlar om USAs styrkar og USAs fiendar.»

Kanskje er det ei hyggelig julehelsing?

Koz og klem,
Pentagon»

Are Kalvø - 06.12.2003