Miljø-party

Det var dette eg var redd for. Ikkje eit vondt ord om miljøengasjement, men det var dette eg var redd for.

Her om dagen kjøpte eg ei korg med jordbær. På korga stod det at dette var miljøengasjerte jordbær. Eg reknar med det tyder at dette er bær som kildesorterer så det står etter, køyrer kollektivt om dei kan, og ikkje flyg til Syden meir enn ein gong i året.

Det var dette eg var redd for.

Her om dagen bladde eg i ei lokalavis. Eg hadde ikkje noko betre å gjere. Der såg eg ein annonse for ”Miljømesse” med Helen Bjørnøy. Etter det eg forstår av annonsen, vil ”Miljømesse” seie at Helen Bjørnøy snakkar om politikk i ei kirke. Fint at ho snakkar politikk ein eller annan plass, sjølvsagt, men det er ikkje poenget. Poenget er at det ikkje er så mange andre statsrådar som får eigne messer. Det er ei stund til Kristin Halvorsen held budsjettrevideringsmesse. Eller Liv Signe Navarsete kallar inn til samferdselsgudsteneste. Miljøpolitikken har blitt eit av desse områda der alle er enige om at dette er viktig. Flott det, sjølvsagt. Ikkje eit vondt ord om miljøengasjement. Men det fører også til at alle som har ein konkurranse å vinne og alle som ønsker å trekke folk til arrangement som ikkje vanligvis trekker folk, forstår at det lønner seg å skrive ”miljø” på pakken eller plakaten.

Slik får vi miljøbær og miljømesser. Det var dette eg var redd for.

Etter miljømessa med Bjørnøy skulle det i følgje annonsen vere miljøsamling på eit museum, med foredrag, appell og kabaret. Miljøkabaret, vil eg tru. Og miljøappell. Og enkel servering. Klimaservering, reknar eg med. Sannsynligvis miljøbevisste jordbær som har sykla frå Belgia.

Det var dette eg var redd for.

Snart blir det miljøbingo. Og miljøkino. Og miljøsamling på bedehuset. Og miljøkampar i sjettedivisjon. Miljødivisjonen. Med miljøunderhaldning i pausen. Og miljøbrød og miljøsyltetøy og miljøaviser og miljøsolbriller og miljøkalkulatorar og klima-PC.

Sanselaust kjedelige fotturar frå ein plass der det ikkje er noko å sjå til ein annan plass der det heller ikkje er noko å sjå og tilbake igjen, kan seljast som ”miljøsafari”. Ein helgetur fram og tilbake med tog og servering av kald kaffi, blir ”miljøweekend”. Dei dårligaste hotellromma blir miljørom. Fordi dei er så trasige at du vil ut i naturen i staden for å vere på rommet. Om det nokon gong går nedover igjen med fotballandslaget, og ein igjen får problem med å fylle Ullevaal Stadion, kjem ein til å seilje klimaplassar til miljølandskampen som er miljøsponsa av ei miljøavis og ein miljøleverandør av miljøfrukt. Mot miljømotstandaren Tyrkia.

Der kan du sitte på miljøplassen din og ete miljøvennlige jordbær og drøyme deg tilbake til den gongen då Norge alltid vann 4-0 på heimebane, og tenke at no kan det berre bli betre.

Og så kjem pauseunderhaldninga. Helen Bjørnøy. Og korpsmusikk.

Are Kalvø - 09.06.2007