Hjelp!!!

Det er juli og tida er inne for å vekke til live vår utrulig populære sommarspalte: ”Vi gjer akkurat det same som alle andre om sommaren”.

Vi skal sjølvsagt komme tilbake til grilling og båtar og folk som liker å slappe av i seinare utgåver av spalta, men i dag, ein sommarklassikar: ”Vi gjer eit desperat forsøk på å skape engasjement hos lesarane våre om sommaren ved å lage lister og kåringar som openbart er heilt feil”.

Først, her er vår liste over tidenes beste sommarlåt:
1. The Alarm: Sixty eight guns
2. Chris Rea: Driving home for Christmas
3. Bonnie Tyler: Total eclipse of the heart
4. Dizzie Tunes: Sommer
5. deLillos: Neste sommer

Uenig? Andre forslag?
Sei di meining på www.egeravtypensomlarmegtrekkeoppavkvasomhelst.no
Kanskje kjem dine forslag med på neste års liste over tidenes beste sommarlåt som openbart er minst like feil.

Og no, Norges mektigaste menneske:
1. Gerd Langbekken Lie, edderkopp og mektig tredjesekretær i fornyings- og administrasjonsdepartementet
2. Karsten Lie, Gerd Langbekken Lies ektemann
3. Hank von Helvete, edderkopp og mestrar av popkulturell makt
4. Anne Aasheim, redaktør i Dagbladet
5. Jens Stoltenberg

Uenig? Andre forslag?
Sei di meining på: www.deterikkjenokoeghellervilennåhjelpestakkaranesommålageavismidtpåsommaren.no

Og no, Norges beste statsrådar:
1. Jonas Gahr Støre (terningkast tre)
2. Øystein Djupedahl (terningkast tre)
3. Helen Bjørnøy (terningkast tre)
4. Heidi Grande Røys (terningkast tre)
5. Trond Giske (terningkast tre)

Uenig? Provosert? Synest du det er vidunderlig frekt at vi har gitt terningkast tre til alle i håp om å provosere både dei som liker og dei som misliker statsrådane? Eller synest du det er feil å gi fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys så god karakter når alle veit at det eigentlig er tredjesekretær Gerd Langbekken Lie som styrer dette departementet?
Sei kva som helst på:
www.egharlikevelikkjesåmykjeågjerepåjobbenfortida.no


Are Kalvø - 01.07.2007