Slik får DU deg ein god latter

Snart går ein statsråd amok på tv. Og vi gleder oss.

Eg veit at Dagbladet er eit tema av sterkt avgrensa interesse for folk som har eit liv, men likevel: Eg vil anbefale deg å gå inn på NRKs nettsider og sjå Dagsnytt 18 sin debatt om Dagbladet frå tirsdag denne veka. Tru meg, det er stor underhaldning. Eg anbefaler deg faktisk å sjå debatten akkurat no, og så kan du lese resten av denne spalta etterpå, så vil du forstå kva eg skriv om (http://www.nrk.no/nett-tv/indeks/225374/). Snakkast!

 

No kan det sjølvsagt hende eg har lesarar utan internett-tilgang. Det er mange som ikkje har internett. Folk som er på fjellet. Folk som er på sjøen. Folk som lever i 1987. Til glede for desse lesarane, skal eg prøve å fortelje kva som skjer i denne debatten:

 

Utgangspunktet for debatten er ei bok om Dagbladet, skriven av Trygve Aas Olsen, som jobba i Dagbladet før og som no jobbar i Dagens Næringsliv. Forfattaren antydar i debatten både at det kan ha blitt gjort feil i Dagbladet oppigjennom, og at ikkje alle i Dagbladet er like gode til å takle kritikk. For å svare på denne kritikken, har Dagsnytt 18 fått tak i Dagbladets kommentator Esten O. Sæther. Når han får ordet på vegner av Dagbladet, presterer han i løpet av fire minutt - ja, eg har tatt tida - å kalle boka vås, å seie at både forfattaren og programleiaren i Dagsnytt 18 er så arrogante at det gjer vondt å sitte stille, at han sjeldan høyrer makan til forakt, at boka er eit makkverk, uredelig, urettferdig og eit svik, at forfattaren av boka var sur då han jobba i Dagbladet, at ingen kjem til å lese boka, at forfattaren er kunnskapslaus og arrogant (ja, han seier arrogant fleire gonger), før han avsluttar med å kalle Dagens Næringslivs mediestoff for ei sladrespalte. Så reiser han seg og går før sendinga er ferdig. Sæther er såpass raus at han ved eit par høve lar programleiaren og motdebattanten snakke samanhengande i eit par sekund før han avbryt med roping eller skjellsord. Det hadde sjølvsagt vore endå meir imponerande å ikkje sleppe til dei to andre i det heile tatt, men sjølv kommentatorar må trekke pusten av og til.

 

Sånn. Då reknar eg med at også mine lesarar med internett-tilgang er tilbake etter å ha sett klippet, og har ledd ferdig, og at eg no har med meg alle vidare.

 

Ok. Det er mykje som er fint med dette klippet. Det er få ting som er meir underhaldande enn urimelig sinte folk. Og det er sjølvsagt noko vedunderlig komisk over å bli skulda for å vere dårlig til å takle kritikk, og så takle kritikken ved å gå bananas på direktesendt fjernsyn. Og det er sjølvsagt freistande å seie at når ein veteran i Dagbladet snakkar om vås, arroganse og kunnskapsløyse, då bør ein lytte, for ein bør alltid lytte til folk som har greie på det dei snakkar om. Men så ufin skal eg ikkje vere. Då blir sikkert Esten O. Sæther sur igjen, og det taklar eg ikkje. Eg trur ikkje eg klarer å le meir. Ein blir sliten.

 

Men det mest gledelige med dette klippet er at det gir håp om ein mykje meir underhaldande offentlig debatt i Norge. Denne Sæther er nemlig kommentator. Han høyrer med andre ord til den yrkesgruppa i medie-Norge som lever av å kritisere folk, og etterpå fortelje dei same folka kor dårlig dei takla kritikken. Mange offentlige og mektige personar i Norge har nok i tunge stunder spurt seg sjølve korleis dei eigentlig skal oppføre seg for at aviskommentatorane skal bli fornøgde. Vel, no veit dei det. No har ein av kommentatorane sjølv gitt svaret. No har ein av kommentatorane sjølv vist korleis ein skal takle kritikk. Eg håper alle offentlige personar i Norge lærer av dette: Idrettsfolk, som er Sæthers spesialområde, politikarar, næringslivsfolk. Tenk så mykje meir underhaldande det norske ordskiftet vil bli.

 

Om ein aviskommentator prøver seg med meir kritikk av Terje Riis-Johansen i monstermast-saka, for eksempel, så kan statsråden svare: «Makan til skamlaus foraktfull arroganse har eg aldri opplevd, og eg har opplevd mykje, i motsetning til deg, du som berre sitt bak eit tastatur og drikk kaffi og skriv sladrespalta i pornorusseavisa du jobbar i. Gå heim.»

 

Om nokon stiller Drillo eit kritisk spørsmål i løpet av landslagshausten, så kan han svare: «Ja, du har no alltid vore ein skikkelig suring. Det har vel ikkje blitt noko på deg på ei stund, og det er ærlig talt ikkje så rart, når ein veit kor arrogant, dum, arrogant, foraktfull,  arrogant og arrogant du er. Gå heim, din arrogante arrogantsuring.»

 

Det hadde vore forfriskande. Men det skjer neppe. Dei fleste veit å oppføre seg. Så vi må nok nøye oss med klippet frå Dagsnytt 18 om vi treng litt lett underhaldning. Det hamnar sikkert på YouTube snart. Under namnet: Angry newspaper man goes bananas.

                                                                      

Are Kalvø - 21.08.2010