Absolutt Oslo

(Det Norske Samlaget 1994, billigutgåve 1998)

Boka handlar, som tittelen antydar, om hovudstaden. Boka er skriven som ein guide for innflyttarar som vil gjere det bra i byen, men handlar i det store og det heile om nordmenns forhold til Oslo og om Oslos forhold til resten av landet, om det å vere urban og det å vere anti-urban, om det å vere så urban at du er anti-urban osb. Boka tek for seg alt du treng å vite om Oslo, alt du trudde du visste og alt du ikkje visste du trudde.

Dette er den av bøkene mine som liknar mest på ei rein kåserisamling. Det meste av det som står i denne boka er reviderte utgåver av kåseri frå radioprogrammet "RUSH" og petitar frå mi faste spalte "Kalvøkaden" i Arbeiderbladet (Som altså seinare skifta namn til Dagsavisen).

Det eg hugsar best frå arbeidet med denne boka (i tillegg til at eg sjølvsagt blei galen av lykke over at nokon ville gi ut boka, og at eg i ein periode var litt for glad i å seie ting som "Eg har eit møte med min forleggar i morgon"), er faktisk den desperate jakta på ein tittel. Eg har dessverre ikkje tatt vare på heile lista med tittelforslag, men eg hugsar det aller mest desperate forslaget, inspirert av Bertrand Besyges diktsamling "Og du dør så langsomt at du tror du lever" som var det store akkurat då. Så før du fordømmer tittelen "Absolutt Oslo", ver klar over at boka kunne heitt "Og av og til går det så langsomt i Oslo at du tror du bor i Bergen".

Are Kalvø - 22.02.2002