Store nordmenn

(Det Norske Samlaget 1995)

Dette er ei blanding av lærebok og oppslagsverk. Deler av boka er eit leksikon med korte, satiriske omtalar av eit utval berømte nolevande nordmenn. Og deler av boka er oppskrifter på korleis du skal gå fram for å bli ein stor nordmann innanfor ulike område.

Alle tekstane i boka handlar på ein eller annan måte om kven eller kva vi ser opp til og kva det seier om oss. Dette skreiv eg også mellomfagsoppgåve om i sosiologi, med langt færre vitsar.

Denne gongen var tittelen klar veldig tidlig, sjølv om eg kan hugse at den litt mindre sympatiske tittelen "Norske klyser" var inne i bildet i ein kort periode. Ein svært kort periode.

Denne boka er så vidt eg veit ikkje heilt lett å få tak i no. Men ring gjerne sentrale tilsette i Det Norske Samlaget privat på kveldstid og mas.

Are Kalvø - 22.03.2002