Kunsten å vere neger

(Det Norske Samlaget 1996, billigutgåve 1998)

Dette er eit ærlig forsøk på å lage ei morsom anti-rasistisk bok. Boka er lagt opp som ei ironisk lærebok som tek sikte på å lære utlendingar korleis dei bør oppføre seg for å bli aksepterte av innfødte nordmenn, og inneheld mengder med faktiske eksempel på kva nordmenn har lært om framande kulturar opp gjennom tidene, frå kriminallitteratur, lærebøker, reiseskildringar, misjonslitteratur, reklame, Thorbjørn Egner, Banana Airlines og norske politikarar. Dette er den einaste av bøkene mine som har eigen CD. CDen inneheld følgjande autentiske eksempel på norsk populærmusikk om framande land og folk: "Jeg har sett en negermann" (søtt framført av barnestjerna Darlèn), "Skopusser'n" (De Syngende Husmødre syng på sitt vis om ein veldig svart og veldig lykkelig skopussar som jobbar døgnet rundt, men dansar heile tida likevel, fordi han har rytmen i blodet), "Bo-bo brasilianer" (Anita Hegerland i glansperioden syng om ein musikalsk latinamerikanar som heller vil ha bananar enn berømmelse) og "Noen barn er brune" (Klassikar i kjenslevar ny-innspeling med Beranek). Dette er også den einaste av bøkene mine som har vekt internasjonal interesse. Eg har blitt intervjua om denne boka på dansk TV. Dei sa i alle fall at dei var frå dansk TV, og det var omtrent det einaste eg forstod av den samtalen. Boka er dessutan omtalt i eit avsnitt i ein større artikkel om Norge i det italienske magasinet "Il Venerdi". Avsnittet inneheld såpass mange ord som gjer meg urolig (mellom anna "vademecum") at eg aldri har turt å få det omsett til norsk. Det viktigaste er likevel at opningskapitlet i "Kunsten å vere neger" er omsett til tysk og publisert i det tunge tyske litteraturmagasinet "Der Rabe" med tittelen "Der Kunst, ein Neger in Norwegen zu sein". Bitar av boka er dessutan filma. Tre episodar blei laga for nettstaden fundamental.net, med Norges morsommaste pakistanar Zahid Ali i rolla som den framandkulturelle.



Bøkene mine kjøper du her.


Are Kalvø - 22.04.2002