Men fjernkontrollen min får du aldri

(Det Norske Samlaget 1997, billigutgåve 2000)

Dette er eit ærlig forsøk på å lage ei morsom mediekritisk bok som går bak fasaden, bak overskriftene, bak maska, mellom linjene, under overflata og bak skjermen for å avsløre avslørande journalistar, grave ned gravande journalistar og teste forbrukartestarne. Boka går systematisk gjennom dei fleste mediesjangrane, og er historias første nynorskbok med eigne talkshows, eigen såpeopera og eiga hallodame. For at boka skal vere eit fullverdig alternativ til TV, er boka lagt opp som ein TV-kveld, med reklamepausar mellom kvart kapittel, slik at lesarane kan hente meir cola eller ta seg ein tur på tolettet. Boka er dels ei teikneseriebok, og teikningane er laga av Knut Nærum, som skal ha storparten av æra for at boka faktisk ser litt ut som ein TV-kveld. Knut var også med på pressekonferansen for denne boka, ein pressekonferanse som blei planlagt under mottoet "Dersom det ikkje kjem nokon, så skal vi i alle fall ha det artig sjølve". Heile forlaget stilte i bunad og serverte mjølk til dei frammøtte pressefolka. Dagens høgdepunkt var ei dramatisering av eit tenkt framtidig underhaldningsprogram på TV: "Kva gjer du no, Varg Vikernes?", med Henrik Mestad i rolla som ein middelaldrande Varg Vikernes med jobb i reklamebyrå, og Rune Andersen og Knut Nærum i rollene som ungsatanistar som får treffe sitt store idol på direkten. Sketsjen når eit naturlig klimaks idet ein nostalgisk smilande Varg tenner på ein liten kopi av ei stavkirke. Alle var samde om at det var ein fin formiddag.



Kjøp bøkene mine her.


Are Kalvø - 22.05.2002