Syden

Gyldendal 2002, billigutgåve 2003

Dette er boka om det store og kjente og kjære ferielandet vi kallar Syden, landet der det aldri er langt til stranda, der det er serveringsplassar overalt, der alle snakkar engelsk og mange snakkar svensk eller norsk eller ei blanding, der det alltid er sol og varmt og der alt er greitt, heile tida, der det finst andre reglar enn heime, der vi kan oppføre oss annleis enn heime, og gjer det. Draumen om Syden er draumen om paradiset som er tilgjengelig for alle. Draumen om Syden er draumen om sosialdekoratisk luksus. Og "Syden" er boka om denne draumen. I boka tar eg utgangspunkt i gamle norske Syden-katalogar. Eg reiste til dagens Syden med hovudet og kofferten fulle av dei romantiske klisjeane frå dei gamle katalogane for å finne ut kva som er igjen av den store Syden-draumen. Eg fann restar av gamle grisefestar, nordmenn som synest grekarane var betre før, nordmenn som drakk seg opp på karsk før Dagsrevyen på Mallorca, og mykje anna gripande. Og eg blei minna om mine eigne første Syden-turar: "Min første Sydentur gjekk til ei spansk ferieøy med foreldra mine. Dette var ikkje ein av dei Syden-plassane der du finn fulle sexgalne skandinaviske tenåringar. Dette var ein av dei Syden-plassane der du berre finn fulle middelaldrande tyskarar. Kvar kveld underheldt gjestane kvarandre på hotellet. Under ei gigantisk discokule spratt litt for tjukke og absurd brune tyske menn med skjørt og parykk omkring og fremførte sketsjar med overdriven bruk av bananar som rekvisittar." Det måtte bli bok. Syden er mi første bok i fargar. Noko anna ville då også vere meiningslaust når det handlar om Syden. Eg håper folk ler høgt av boka. Og får lyst til å reise til Syden.



Boka kan du for eksempel kjøpe her.


Are Kalvø - 28.10.2002