For VIP-brukarar:
Gløymt passord Ny brukar
|
Bibelen 2 som lydbok

Endelig kan du få vite korleis Jesus snakkar

Bibelen 2, forteljinga om kva som skjedde då Jesus kom tilbake til ein hotellresepsjon på Lørenskog, gir svar på mange spørsmål. Men ikkje alle. For eksempel ikkje desse:
Korleis snakkar Jesus? Er han hås? (Han har trass alt snakka i 2000 år) Er han trønder?
I lydbokutgåva av Bibelen 2 får du endelig høyre Jesus snakke. Du får også høyre Jesus synge. Henrik Mestad speler Jesus. Ingrid Jørgensen speler alle dei sterke kvinnerollene. Espen Beranek Holm speler dei små men viktige mannerollene. Eg er forteljar m.m. Espen har også laga originalmusikk til CDen, mellom anna fleire av songane til Jesu eige pønkeband Tollarar og Syndarar.
Den andre CDen inneheld nokre skjulte bonus-spor. Eg gjer merksam på dette for å vere sikker på at ingen går glipp av dei. Her får du høyre songane dei folkekjære artistane Anne Grete Preus, Tungtvann (med biskop Gunnar Stålseth som refrengsongar) og Morten Abel laga om Miraklet på Lørenskog.
Dette er ei lydbok karane bak Bibelen 1 aldri vil klare å lage.

Publisert: 14.09.2002

|
|




|