For VIP-brukarar:
Gløymt passord Ny brukar
|
Kokken Geir

I vår sommarspalte ”Sommarpraten med sommargjesten på sin sommarstad i sommarvarmen i sommarsommaren” har turen i dag komme til Geir Volden, den einaste norske kokken som enno ikkje har laga mat på TV.

Kva er ditt beste sommarminne?
Det må vere den gongen eg var på audition for ”Sommeråpent”. Eg hadde foreslått eit alt-i-eitt-konsept for NRK, der eg intervjua kjente nordmenn medan vi grilla mat. Etterpå skulle ein førstehjelpsekspert gi råd om korleis handtere typiske sommarskadar, til dømes brannskadar på grunn av intervjuing for nær ein grill, og så skulle ein frittgåande reporter intervjue intervjuobjektet om sommarminne medan dei åt maten vi hadde grilla. Denne idéen hadde alt. Dessverre gjekk det ikkje så bra på audition, då ein mekanisk okse velta grillen og nokon fekk ein annan idé.
Og ditt verste?
Det må vere året etter, då eg lanserte ein ny idé for NRK om at eg skulle lage mat på ein mekanisk okse. Den same sommaren prøvefilma eg også for NRK2 under Quart-festivalen. Eg hadde eit forslag om å lage mat i båt, der heile poenget var at båten var maten. Altså at eg skulle seile rundt på for eksempel ei ku, samtidig med at eg steikte kua. Det verka som ein god idé den gongen. Det blei ein trist sommar.
Kvar vil du helst vere om sommaren?
Å, det er så mange vakre plassar. NRK1, sjølvsagt. Men TV2 er også bra. TV3 og TVNorge har også sin sjarm. Eg hadde ein god sommar i TVNorge ein gong. Det var medan det gjekk dårlig med dei og sjåartala var låge. Eg hugsar ikkje når det var. Det kan eigentlig ha vore kva tid som helst. I alle fall var dei på jakt etter eit konsept som kunne sjokkere. Eg hadde foreslått kannibal-tv, ein reality-serie der ei gruppe menneske blei samla på ein stad utan mat, men med ein kokk. Og så var greia at vi skulle sjå kva som skjedde når folk blei svoltne. Dessverre var det ingen som ville sponse programmet. Det var likevel ein fin sommar. Eg fekk mykje tid til å tenke, og det var den sommaren eg klekte ut sommarmusikkmatkonseptet mitt.
Kva er sommarmusikk for deg?
Artig at du skulle spørje om det, for sommarmusikkmatkonseptet mitt var tenkt som ei feiring av mine favorittartistar. Eg la konseptet fram for TV2. Dei fleste sommarprogram på TV har med aktuelle artistar som syng ein song. For å få til den rette sommarstemninga blir artistane gjerne intervjua etterpå om sommarminne, sommarmat og så vidare, og så får dei gjerne smake litt på maten som sommarkokken har laga tidligare i sommarprogrammet. Dette er vel og bra, sjølvsagt, men veldig lite effektivt. Mitt konsept gjekk ut på at eg først laga mat, så song artisten ein song medan eg mata han. Ein sommarartist syng ein sommarsong med somamrmat i munnen. Eg trur det kunne blitt ein snerten vri. Men TV2 likte ikkje idéen.
Fordi det er vanskelig å synge med mat i munnen?
Nei, fordi det var vanskelig å få eit artig interju med Kåre Valebrokk til å passe inn i konseptet.
Kva gjer du når du skal slappe av om sommaren?
Skrur av.

Publisert: 01.08.2004

|
|


|