For VIP-brukarar:
Gløymt passord Ny brukar
|
Frå Bondeviks ikkje så veldig hemmelige dagbok

Statsministeren er tilbake, brun og smilande. Her fortel han alt om sitt møte med Bono.

Onsdag.
Så skal det altså skje, kjære dagbok. Bono kjem for å snakke om Afrika og AIDS og sånt. Det skal bli godt å få noko anna enn politikk å tenke på.
Det var mykje att og fram. Det var ikkje alle som syntest det var ein god idé at eg skulle møte Bono. Vi veit jo korleis eg blir når eg møter kjendisar. Eg smiler fjollete og seier rare ting. Omtrent som vanlig, med andre ord, men i tillegg begynner eg som regel å danse eller noko, og så er det nokon som tek bilde, og så ler folk av meg i eit halvt år. Heilt topp, altså. Men det passar litt dårlig akkurat no. For dette er veka då Erna, Lars og Dagfinn skal legge fram politikken til regjeringspartia for den neste perioden. Dei skal møtast på ein gard i Hardanger, og der skal dei klappe dyr og late som om dei kan ri, og så skal nokon ta bilde av dei, og så skal folk le av dei i eit halvt år.
Dette har vore planlagt lenge, og det ville vere direkte dårlig gjort av meg å stele all merksemda akkurat no. Slik er den beinharde politiske kvardagen i ei samarbeidsregjering. Av og til står interesser mot kvarandre. Av og til må ein velje. Men det beste er sjølvsagt å sleppe. Ja takk begge delar, som eg gjerne seier i godt lag. Og eg har overtydd dei andre om at eg berre må møte Bono. Det er ikkje ofte ein får sjansen til å møte nokon som har møtt så mange kjendisar. Men eg har lova dei andre å ikkje danse. Vi får sjå korleis det går.
Samtalen skal ikkje vare så lenge. Eit kvarters tid. Om eg bruker dei første ti minutta til å vise han utsikta frå kontoret mitt, så skal eg vel klare å halde praten gåande dei siste fem utan å bryte ut i dans. Eg har førebudd meg. Eg er glad for at han har eit såpass enkelt namn som Bono, så slapp eg å bruke så mykje tid på å lære meg det. Eg har fått nokre av rådgivarane mine til å vise meg nokre hitlister, og der såg eg at andre artistar gjerne heiter heiter slikt som Snoop Dogg feat. Lil’ John & Trina, og det er det jo umulig å hugse.
Oi. No kjem han.
Hallo igjen, dagbok. For ein kjernekar. Eg viste han utsikta og det kvite armbandet mitt. Eg trur det var stort for han, for han blei litt taus etter det. Så begynte han å snakke. Det viste seg at han visste kven eg var, at eg var prest og at Norge gir ganske mykje u-hjelp. Dette var såpass overveldande at eg ikkje fekk med meg resten. Eg trur han sa noko om WTO. Det er sikkert eit band.
Så møtte vi pressa. Han sa omtrent det same ein gong til. Og han fekk ikkje eitt einaste kritisk spørsmål. Alltid når eg skryt av regjeringa, blir eg møtt med ufine personangrep av typen ”Ja, men...”. Men Bono slapp unna. Skal tru kvifor det? Kanskje det hjelp å vere utrulig populær og kunne synge. Kanskje eg skulle prøve det? Å synge altså. Å bli utrulig populær er vel ei tapt sak, sjølv om eg reknar med at masse ungdommar stemmer på meg no etter at eg har møtt Bono. Han tok på meg også, medan alle såg på.
Sidan han likte meg så godt, så spurde eg om han ville ha autografen min. Eg trur han misforstod, for han skreiv autografar til meg i staden.
Torsdag.
Kjære dagbok. Det var ei dame som dansa med Bono under konserten. Ho har blitt intervjua overalt i dag.
Eg visste det. Eg skulle ha dansa.

Publisert: 01.08.2005

|
|


|