For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Nei-panelet



Med fare for å verke etterpåklok – som om det nokon gong har plaga meg – så må det vere lov å seie at det finst spørsmål ein bør forstå at ein må svare nei på.

Her er nokre spørsmål ein bør forstå at ein må svare nei på:
-Kunne du tenke deg å køyre denne bilen i 180 km/t inn i den fjellveggen?
-Eg er ei nigeriansk prinsesse, vil du gi meg masse pengar?
-Har du tid eit lite augeblikk?
-Kunne du tenke deg å tilbringe eit år på ei øde øy saman med Sylvia Brustad?
-Kunne du tenke deg å sitte i barne- og likestillingsdepartementets mannspanel?

Denne veka kom det ut at nok ein av mennene i mannspanelet til likestillingsdepartementet har trekt seg. Fornuftig det, sjølvsagt. Menn som ikkje har lyst til å bruke fredagskveldane til å snakke om kor vanskelig det er å vere mann i Norge, er folk ein bør vere på parti med. Men det hadde sjølvsagt vore endå greiare å ikkje seie ja i første omgang.

Kvifor seier folk ja til slikt? Synest dei det er smigrande å bli spurt? Det er jo ikkje det.

Om eg kan tillate meg å vere litt personlig – som om nokon kan hindre meg i det: Eg har ein gong opplevd noko som eg den dag i dag ser på som mitt livs lågaste punkt. Eg vurderte seriøst å legge opp, bryte all kontakt med heimlandet og flytte til Moskva. Eg har nemlig ein gong opplevd å opne ei avis og lese at ein person, tilsynelatande i fullt alvor, foreslo meg som ein aktuell kandidat til Bondevik-regjeringas verdikommisjon. Dette er ti år sidan, og han som foreslo det hadde ikkje noko med regjeringa eller verdikommisjonen å gjere. Likevel var dette krise. Eg kjenner at det framleis er vanskelig å skrive om det. Det er når ein opplever slikt at ein berre er nødt til å tenke at alt ein har gjort har vore meiningslaust. Det er i slike stunder det er fristande å berre gi opp, pakke sakene og reise til Russland. Eg ville gjort det også om det ikkje var for at det ikkje gjekk fly dit akkurat då. Dessutan er russisk veldig vanskelig.

Men folk seier ja til slikt, stadig vekk. Kanskje synest dei det er hyggelig å bli spurt? Kanskje ser dei det som ei ære? Kanskje har dei eit ekte ønske om å bidra med noko? Og har du først sagt ja, så har du blitt ein del av problemet, og er dømt til å forsvare regjeringas politikk. Derfor er det viktig å trene seg opp til å seie nei, dersom du er ein som kan tenkast å bli spurt om slikt. Og det er ikkje spesielt vanskelig å gjette seg til kven som kan komme til å få ein telefon frå ein statsråd med eit panel- eller kommisjonstilbod:

Er du for eksempel veldig flink til å synge songar med tekstar på ein dialekt som ikkje høyrer heime i Oslo sentrum, så er det berre eit spørsmål om tid før du blir spurt om å fronte ein offentlig kampanje mot fråflytting.

Er du flink til for eksempel å synge, danse eller spele fotball, og ikkje er har kvit hud, så vil du før eller seinare bli invitert til å vere med i ein kommisjon som skal gi innspel til regjeringas integreringspolitikk.

Er du ganske god til å gå på ski eller springe eller noko sånt, vil du før eller seinare bli invitert til eit departement for å sitte i eit seminarrom og ete wienerbrød og diskutere kva regjeringa kan gjere for å få folk i form.

Og er du ein flink mann eller ei flink kvinne og har tenkt høgt om at det er to ulike kjønn i verden, så må du rekne med at du kan komme til å bli spurt om å sitte i eit kvinnepanel, eit likestillingspanel eller eit mannspanel.

Om du høyrer heime i ei av desse gruppene: No er du førebudd. Du må gjerne seie ja viss du har lyst. Men det går an å seie nei.
Og nei, eg vil ikkje sitte i eit panel som skal lære folk å seie nei.


Publisert: 13.10.2007











Kommentarar til "Nei-panelet":





Masha frå Murmansk, hotell Polarnisori:
Hei, jeg bor i Russland! Du må komme hit, for det er ingen kjekke menn her. :( Jeg vil så gjerne gjerne litt nynorsk. Gir du privattimer? Du kan gjerne bo på hotellrommet mitt. ;)
11. januar 2008 - Kl. 12:02
Kristin frå Lørenskog:
Eg må seia eg er veldig glad for at du ikkje la opp og drog til Russland, då ville eg gått glipp av den største latterkjelda mi dei siste åra. Informer iallfall oss på VIP-lista di viss noko sånt faktisk skulle skje, så me rekk å hamstre alt me kan finne av deg før du blir borte!
18. oktober 2007 - Kl. 22:56
Geir frå Porsgrunn:
Du har så rett, så rett. Men: det var var vel Nancy Reagan som i sin tid kom med dette uttrykket (just say NO)...? Men Hillary Clinton sa det vel bedre under valgkampen for sin mann, da hun lettet på skjørtet og uttalte: Read my lips - no bush! ;-)
18. oktober 2007 - Kl. 18:29
Anne frå Damm:
Takk. Du har som vanleg rett. No må eg øve meg på å seie nei.
13. oktober 2007 - Kl. 01:13

Klikk her for å kommentere denne saka.