For VIP-brukarar:
Gløymt passord Ny brukar
|
Berre bank på! Eg er klar!

Kva parti skal du stemme på? Her er den einaste testen som dug.

Eg kjenner meg viktig no. I går var det to politiske parti her og banka på døra og delte ut snop og suvenirar og brosjyrar med bilde av folk som har skikkelig lyst til å sitte på Stortinget. Partia er med andre ord desperate. Og no veit eg kva eg skal gjere for å finne ut kven eg skal stemme på i år.
For eg har sjølvsagt ikkje bestemt meg denne gongen heller. Denne gongen, som så mange gonger før, hadde eg eigentlig tenkt å sette meg grundig inn i kva dei ulike partiprogramma seier om dei sakene eg er mest opptatt av. Men i år, som så mange gonger før, fann eg ut at det er kjedelig å lese partiprogram. Dessutan er eg ikkje sikker på kva saker eg er mest opptatt av. Så bestemte eg meg for å prøve alle kva-parti-bør-du-stemme-på-testane på nettet. Dette har eg også prøvd ved tidligare val. Og også denne gongen viste det seg at eg var ganske uinteressert i ein fjerdedel av spørsmåla, gjekk lei, begynte å svare ironisk, og enda med å bli råda til å stemme enten Raudt, Høgre, FrP, Ap eller Andre.
Men no veit eg kva eg skal gjere. Eg skal bruke desse desperate menneska som går frå dør til dør. Om dei ikkje kjem på døra mi, så skal eg oppsøke dei. Dei har bodar like borti gata her. Eg skal teste dei. Etter at dei har levert frå seg den innøvde helsinga og parti- suvenirane, skal eg takke høflig. Eg skal bla i brosjyren og sjå på bilda og seie at dette ser ut som folk som har skikkelig lyst til å sitte på Stortinget. Men eg er ikkje heilt overtydd, skal eg seie til den stakkars fyren som har meldt seg frivillig til å banke på dører. Eg vil gjerne vite meir, skal eg seie. Og så skal eg invitere han inn.
Eg skal finne fram penn og papir, sette meg ned i sofaen, lene meg tilbake, sjå han rett i auga og seie: Du har eit kvarter. Overbevis meg.
Etter at han er ferdig med talen, skal eg sjå lenge på han. Notere litt. Så skal eg seie: Nei, eg er framleis ikkje heilt overbevist. Kan eg stille deg nokre spørsmål?
Dette vil han trulig seie ja til. Kva skal han elles seie?
Så skal eg finne fram ei liste med spørsmål. Ei lang liste. Eg har førebudd meg litt, skal eg seie. Det kan han jo ikkje ha problem med? Kva politikar vil vel ikkje ha engasjerte veljarar? Så skal eg stille spørsmål. Spørsmål av typen:
”Eg kjenner ein del lesbisk barnlaus minoritetsungdom som driv små og mellomstore bedrifter innan EU-støtta kulturbasert helsearbeid for flyktningar og asylsøkarar i Lofoten og Vesterålen, kva vil ditt parti gjere for dei?”
Etter eit par slike spørsmål skal eg sette over kaffien. Eg har mange spørsmål igjen, så vi blir nok her ei stund til, skal eg seie, du seier vel ikkje nei takk til ein kopp kaffi? Mjølk?
Viss han protesterer, så skal eg vifte han vekk. Det er ikkje noko bry, skal eg seie, eg har god tid. Ikkje tenk på det.
Så skal eg småprate litt medan kaffien blir klar. Du ser vel litt av kvart når du er ute og bankar på dører på denne måten, skal eg seie. Du var no i alle fall heldig med veret. Sånne ting.
Så skal eg finne fram fotoalbumet, kanskje. Vise han bilde frå feriar og bursdagar. Peike og seie sånt som ”Sjå kor glade vi var den gongen vi var på interrail. Kva vil ditt parti gjere for at folk skal vere så glade heile tida?”
Så skal eg finne ut kor langt han er villig til å strekke seg for å vinne mi stemme.
Obama klarte å nå fram til ungdommen, skal eg seie. Klarer du å nå fram til ungdommen? Kan du for eksempel, her og no, framføre noko frå det siste albumet til Erik og Kriss?
Eg synest det er viktig med personlig kontakt mellom politikarar og veljarar, skal eg seie, er du enig? Så skal eg by opp til dans. Sette på noko rolig og fint og litt klissete. Du vil vel la meg føre, skal eg seie med eit smil.
Midt i dansen skal eg utbryte: Oi, har klokka blitt så mykje? Du blir vel til middag?
Viss det finst ein politikar som på dette tidspunktet framleis ikkje har gått, så veit eg at den politikaren skal eg i alle fall ikkje stemme på.

Publisert: 07.08.2009


|

|

|

|

|

|

|

|

|

|
Kommentarar til "Berre bank på! Eg er klar!":


Lene frå Bergen:
Det er jo slik man skal gjøre med hver eneste "selger" ellers også ;) Tenk om politikerne hadde vært like opptatt av velgerne utenom rett før valgkampen også..!
14. september 2009 - Kl. 10:50
|

Kari A frå Oslo:
Bjørn - alle stemmer er jo ikke like viktige...stemmer fra Finnmark f.eks. er 2,5 ganger så viktige som stemmer fra Oslo...
fra morgenbladet forleden uke: Innvandrerstemmer veier mindre
En stemme i Finnmark veier 2,5 ganger mer enn en stemme i Oslo. Valgordningen rammer innvandrerne.
Dato: 07.08.09 | Aktuelt
19. august 2009 - Kl. 14:40
|

Charles frå Oslo:
Blir du ikke glad av å lese alle kommentarene Are? Are?!
12. august 2009 - Kl. 12:33
|

Siri frå Oslo:
Partikamerater skuffa over mangel på middag og dans i aften. Vi har sloss om å få komme til deg!
10. august 2009 - Kl. 21:44
|

Mattis A: Falch frå Stavanger, Kvernevik:
Kvifor kjem dei aldri til meg? Eg vil jo berre spørje dei om kva dei har tenkt til å nerprioritera.
10. august 2009 - Kl. 00:14
|

Fortsatt Kristin frå Bergen:
Ville holdt avstand hvis representanter fra Frp kom. For å kjenne de ekstra godt igjen, så er det de som topper listene på å dele ut ting gratis. Som oftest er det pizza og kondomer. Noe som velgerne setter stor pris på. Forresten, utrolig barnslig opplegg! :)
9. august 2009 - Kl. 22:23
|

Kristin frå Bergen:
Vittig!
9. august 2009 - Kl. 21:57
|

Randi frå Malvik:
Utrolig barnslig opplegg!
8. august 2009 - Kl. 09:19
|

Stein frå Belgia:
Jeg synes det er en kjempegod ide. Komme i dybden liksom. Sette de politiske fanesakene inn i en mer hvedagslig og praktisk setting. La dei svette litt for frynsegodene sine. Vi får tross alt dei politikarene vi fortjener - og dei fortjener oss!
8. august 2009 - Kl. 00:19
|

Andersell frå Langevåg:
Ved siste kommuneval gjekk han Trygve H.(Ap),
i Sula, rundt på dørene i Solevåg skulekrets
(også kjent som Indre Sula) med ein gigantisk pose med timper, wienerbrød og mandelbrød (dei seier han hadde fått dei frå dagen før av ein sympatisør på Coop), og ringde på dører hos folk han ikkje kjende. Det var berre det at det var når innaføringane søv middag.Han var innflyttar frå Hareid, så han hadde ikkje nok lokalkunnskap. Han hadde brennande lyst til å bli ordførar, men så blei han berre vara
7. august 2009 - Kl. 23:24
|

Bjørn frå Horten:
Alle stemmer er like viktige, så jeg tror nok jeg ville satset på 30 - 40 litt mindre oppmerksomhetshungrige velgere enn "deg" Are, i løpet av den tiden. Men stemmer du Demokratene, har jeg ingenting å klage på. Jeg kunne smisket - men det ville vært for åpenlyst - godt valg.
7. august 2009 - Kl. 21:38
|

Aksel Strøm:
Den beste delen er der du lar ein av figurane dine tru at det er satire!
7. august 2009 - Kl. 19:04
|

Thor Hals frå Askim:
Veldig bra! Har selv allerede vært på noen husbesøk for Høyre, og det er veldig hyggelig. Mange blide folk som er nysgjerrig på ting som er viktig for dem. Ellers var dette en god satire...fortsett med dette du Are, dette er du god på.... lol
7. august 2009 - Kl. 17:03
|

Ståle frå Oslo:
Hehe. Så skriv hvor du bor da så kommer vi sikkert innom en tur til!
Ståle - Arbeiderpartiet
7. august 2009 - Kl. 17:02
|

Parlate frå Krsand:
Bra. I lett omskreve form funkar denne bra på telefonselgarar óg.
7. august 2009 - Kl. 15:46
|

Nina frå Trondheim:
Utrolig morsomt! Bare fortsett med det du gjør du Are!
7. august 2009 - Kl. 14:51
|

Hugo frå Stavanger:
Folk som kjem på husbesøk er ikkje stakkarslege, tvert i mot, dei vil gjere ein jobb for partiet sitt.
Men så veit kanskje ikkje politikare meininga med satire og ironi?
7. august 2009 - Kl. 14:31
|

snorre frå trondheim:
på kornet. veldig bra!
7. august 2009 - Kl. 14:29
|

Max frå Oslo:
”Eg kjenner ein del lesbisk barnlaus minoritetsungdom som driv små og mellomstore bedrifter innan EU-støtta kulturbasert helsearbeid for flyktningar og asylsøkarar i Lofoten og Vesterålen, kva vil ditt parti gjere for dei?”
Gapskratt!
7. august 2009 - Kl. 14:15
|

Klikk her for å kommentere denne saka.
|
|
|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|
|
|


|