For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Derfor liker eg Melodi Grand Prix



Endelig skal eg skrive om noko eg verkelig bryr meg om.

Folk som ikkje drikk alkohol og folk som liker Melodi Grand Prix opplever stadig å bli avkrevd ei forklaring på sitt sosiale avvik. Kvifor drikk du ikkje? Liker du verkelig Melodi Grand Prix? No har dette rett nok endra seg ein kraftig i tilfellet Melodi Grand Prix dei siste åra. Grand Prix-songar toppar hitlister og blir spelte på P3, og det er no stort sett berre sure folk som liker Beatles og har grå hestehale som ikkje er i stand til å more seg over Melodi Grand Prix. Så Grand Prix-elskarar er langt meir aksepterte i dag enn for nokre år sidan. Avholdsfolk, derimot, er framleis like rare. Og greitt er det. Men sjølv om Melodi Grand Prix-kjærleik er meir akseptert enn på lenge, så veit mange av oss at det i fleire sosiale samanhengar framleis er slik at det ikkje er meir som skal til enn eit uskyldig Johnny Logan-sitat før folk begynner å stille spørsmål. Derfor: Her er ei forklaring på kvifor eg liker Melodi Grand Prix. Så slepp du spørje neste gong. Onsdag fekk eg heilt uventa følgjande melding: Kven er Erik Solbakken? (Og her skuldar eg med ein gong å gjere både Erik Solbakken og alle hans nærmaste merksam på at dette ikkje var eit spydig spørsmål, dette var ikkje nedrakking. Dette var rett og slett eit ærlig spørsmål. Fleire av mine beste venner veit ikkje kven Erik Solbakken er. Fleire av mine beste venner er minst tolv år gamle.) Eg lurte naturligvis mest på kvifor nokon spurte meg om det. Eg får vanligvis ikkje meldingar om Erik Solbakken. Men eg forstod fort kva grunnen var. For det kom fleire meldingar. Om Erik Sobakken. Og Nadia Hasnaoui og Haddy N’jie. (Til eventuelle lesarar med grå hestehale og Beatles i bakgrunnen: Erik Solbakken, Nadia Hasnaoui og Haddy N’jie skal vere programleiarar for den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix på Telenor Arena i mai. Dette blei kunngjort på onsdag. Nadia Hasnaoui er ho frå Kvitt eller Dobbelt. Det var programmet Knut Bjørnsen leia i tida før du slutta å sjå på tv fordi alt blei så kommersielt og kvikt. Haddy N’jie er både songar og forfattar, så ho kjenner du kanskje til. Kven Erik Solbakken er, veit du naturligvis godt, sidan ungane dine frå andre ekteskap diggar han, noko du trulig misliker, sidan han er lettbeint og blid, men aksepterer, fordi han i alle fall ikkje er amerikansk.) Mykje av resten av onsdagen min gjekk med til å diskutere programleiarvalet. For det er det som er fint med sånt som Grand Prix-interesse. Når noko slikt skjer som at programleiarane for den internasjonale finalen blir offentliggjort, så er vi fleire som tenker på det same, omtrent samtidig, og vi veit at no har vi noko morsomt å snakke om. I motsetning til, eller i alle fall i tillegg til, alt det andre som alle snakkar om. Vêret. Harald Eia. Ein heilt vanlig, trasig norsk onsdag full av snø, er vi mange som omtrent samtidig tenker på eit ekstremt fargerikt og ganske rart tv-program om to og ein halv månad. Vi er mange som er klare til å kaste oss inn i diskusjonen om programleiarvalet på kort varsel og med stor begeistring. Dette har vi venta på. Og vi gleder oss til resten, til alle dei andre diskusjonane som skal komme, og ikkje minst til det ekstremt fargerike og ganske rare tv-programmet om to og ein halv månad. Vi er med andre ord ein heil del folk som sitt på ein heilt vanlig trasig norsk onsdag full av snø og er klare til å når som helst la oss rive med. Eg synest det er vakkert. Det er fint å la seg rive med. Av noko som finst for at du skal la deg rive med. Det treng ikkje vere Melodi Grand Prix, sjølvsagt, men det er fint om det er noko heilt anna enn det du vanligvis tenker på. Det kan vere ein sær hobby. Det kan vere sport. Ofte er det sport. Det kan vere fotball. Fordelen med fotball framfor Melodi Grand Prix, er at fotball er stort i heile verden. Du kan treffe folk utan elektrisitet, tv, lese- eller skriveferdigheiter, og føre lange samtalar med dei om Manchester United. Seier du derimot Voi Voi til nokon på landsbygda i Tanzania, ser dei berre rart på deg. I beste fall. Men vi er mange nok som er klare nok til å la oss rive med. Det er fint å la seg rive med. Gjerne av noko som er rart. Og langt unna det du elles driv med. Og viss du først skal la deg rive med av eit tv-program, så kan du ærlig talt like gjerne velje eit program som er både komisk, fargerikt, dansbart, latterlig, tøysete, alvorlig, smaklaust, stilig, spennande og pinadø varer i tre timar.

Publisert: 13.03.2010











Kommentarar til "Derfor liker eg Melodi Grand Prix":









Nina frå Bryne:
Ja, våren er her, og GP er og har alltid vore ein del av dei store hendingane på denne årstida. Eg er og ein av dei som minnast GP frå eg var lita jente. Fantastisk oppleving og ein stor familiekveld. Kven av damene hadde den finaste kjolen? Vil Noreg vinna iår? Kor mange poeng gir nabolanda? No er det ikkje mange vekene igjen. Tradisjonar skal haldast. Eg er klar ilag med heile familien min!
11. april 2010 - Kl. 12:53
Ingeborg frå Køben:
Der skreiv du det eg prøvde å skrive om OL her ein dag.
9. april 2010 - Kl. 21:35
Siri frå stuggua heme:
Bli med i gp-gjengen vår, Are? Vi ser gamle finaler og stemmer over dem og koser oss. Bare dukk opp på vårmøtet til OGAE Norway 24. april, så får du nok tak i oss. Klemz.
17. mars 2010 - Kl. 21:17
Frank Aage Fjellbekk frå Oslo:
Jeg husker Grand Prix fra barndommen: Hele Europa kom inn i stua med eksotiske språk og fremmede kulturer; at Belgia måtte synge på fransk og flamsk annet hvert år; at Sveits hadde hele 3 språk. Vi kunne le lettere oppgitt over pussige bidrag fra Tyrkia og Kypros. Det var i det hele tatt utrolig lærerikt og gjorde meg så stolt: For et fantastisk kontinent Europa er! Jeg er så heldig som kan bo i denne verdensdelen med utjevning, fordeling og demokrati! Tross forskjeller har vi felles verdier.
15. mars 2010 - Kl. 13:14
Aldaron Hiri frå Nesoddtangen:
Kanskje dette er ironisk.
14. mars 2010 - Kl. 09:52
Kristin frå http://bokmerker.org:
Å, fantastisk!
14. mars 2010 - Kl. 00:03
Ellen frå Fauske:
*liker*
13. mars 2010 - Kl. 23:29
Lasse G. Dahl frå http://www.lassedahl.com/:
Det siste avsnittet her, fra «Det er fint å la seg rive med», tror jeg at jeg skal skrive ut og henge på veggen over skrivebordet mitt. Det er en god grunn til å like MGP - og det er mye, mye mer enn det!

Takk for nok et glimrende skriveri!
13. mars 2010 - Kl. 23:15

Klikk her for å kommentere denne saka.