For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Eg er blomster-Finn



I dag skal eg vere sjølvopptatt. Alle spaltistar har lov til å vere sjølvopptatte ein gong i året.

Sidan eg ikkje har klart å komme opp med sterke meiningar om Eia, arv og miljø denne veka heller, sjølv om det er vedtatt at det er det vi som skriv i avsa skal meine noko om no, så vel eg i staden å vere personlig. Djupt personlig. Eg visste eigentlig at eg uansett ville bli nødt til å fortelje om dette ein gong. Eg hadde ikkje tenkt på det på ei stund. Eg hadde prøvd å la vere, og eg hadde stort sett klart det. Livet var fint. Og så ein dag for ikkje lenge sidan satt eg heime og zappa, som ein gjerne gjer medan ein ventar på våren. Det var som vanlig mykje dreping og koking å sjå på dei ulike kanalane, og nokre skandinaviske damer som har gifta seg med nokon i Hollywood, og nokon som diskuterte Eia, arv og miljø. Men så kom det: Ein norsk kjendis i dårlig vêr i friluft. Og då kom alt tilbake. Programmet eg kom over heiter «71 grader nord». Det er eit program som går ut på at deltakarane skal klare seg sjølve og løyse oppgåver ute i naturen, og komme seg, stort sett til fots og i dårlig vêr, gjennom Norge frå sør til nord. Berre for å gni det inn, er premien til vinnaren av konkurransen, etter å ha gått Norge på langs, ein bil. Årets sesong av «71 grader nord» er ei spesialutgåve, med kjendisar. Og det var desse kjendisane eg såg denne dagen. Og det var då det kom tilbake til meg, det som eg hadde prøvd å gløyme, prøvd å fortrenge: Ein gong for lenge sidan blei eg spurt om eg ville vere med på dette programmet. Eg gjekk inn i ei lett krise den gongen sjølvsagt. Eg gjekk i meg sjølv. Spurde meg sjølv: Kva har eg gjort feil? Kvar var det eg bomma? Kva i alle dagar er det eg har gjort som gjer at nokon kan få det for seg at det er tenkelig at eg ville finne på å seie ja til noko slikt. Ikkje eit vondt ord om dei som har sagt ja. Det er ikkje det. Dette er folk som liker fysiske utfordringar og friluftsliv. Det er barskingar og idrettsfolk. Stort sett. Eg liker ikkje friluftsliv. Verkelig ikkje. Luft er greitt. Men eg er elles av den meininga at når nokon har gjort seg umaken med å finne opp veggar, tak og sengetøy, så er det berre fjollete å bu i telt. Men det kunne sjølvsagt ikkje programskaparane vite. Dette er ikkje noko eg driv og snakkar offentlig om i tide og utide. Eg snakkar offentlig i tide og utide, eg er klar over det, men ikkje om akkurat dette. Så det er fullt mulig at programskaparane trudde at eg var ein friluftsmann. Han er vestlending, tenkte dei kanskje, han er nok typen som vaks opp med å bestige ein fjelltopp før lunsj og skyte sin eigen middag. Eller kanskje - og dette er verre - kanskje tenkte programskaparane nettopp at eg var så fjernt frå ein friluftsmann som ein kan komme. Han sitt åleine langt frå verkelegheita og pønskar ut småspydige setningar, tenkte dei kanskje, no skal vi sjå korleis han klarer seg i møte med den beinharde naturen. Kanskje var eg tiltenkt rolla som han som ikkje får til nokon ting, han som gjer alt feil. Han som ikkje klarer å sette opp teltet, ikkje får fyr på noko, alltid er våtast og alltid kjem sist. Kanskje var eg tiltenkt same rolla som han som folk skal le av. Kanskje var eg tiltenkt same rolle i dette programmet som Blomster-Finn i «Skal vi danse». Eller Esther Pirelli. Eg veit det er sjølvopptatt. Eg veit det er grunt. Men det er då også forståelig at ein går inn i ei lita krise når ein etter ein del års variert arbeid oppdagar: Eg er Blomster-Finn. Det er ikkje rart om ein då spør seg: Har alt vore fånyttes? Sannsynligvis var programskaparane berre desperate. Sannsynligvis hadde alle sagt nei, og dei spurde kven som helst om å fylle den siste plassen. Kanskje har dei ei liste på 100 namn, nederst i ein skuff: Dei vi spør når alt anna er prøvd. Dette seier dei ikkje noko om, alle desse surpompane som er kritiske til at så mange unge i dag vil på tv, eller vil jobbe med noko i media. Problemet med å jobbe med noko i media er ikkje at det er ein kynisk og overflatisk bransje og at du blir kald og hjertelaus. Problemet er at uansett kva du gjer, viss du gjer det i media, så risikerer du, viss du ikkje passar på, å plutselig ein dag finne deg sjølv medan du blir filma når du lagar mat i regn saman med ein pensjonert fotomodell du ikkje kjenner og ikkje har særlig mykje til felles med. Neste veke: Hjernevask. Eg skal prøve. Æresord.

Publisert: 20.03.2010











Kommentarar til "Eg er blomster-Finn":







Ryggen frå Kristiansand:
Haha,Blomster Finn ja..
22. april 2010 - Kl. 15:27
Ingeborg Bjorland Hansen frå Køben:
Ikkje prøv!
7. april 2010 - Kl. 00:33
Anders frå Uren, Luren, svelt i hel:
Are spør "Har alt vore fånyttes?".

Ja, Are, det har det. Slik er det.
5. april 2010 - Kl. 17:15
Siri frå Oslo:
Jeg digger din kynisme og ærlighet! Bra vi har slike komikere i Norge.
21. mars 2010 - Kl. 21:29
Sir frå stuggua heme:
Å jo, still opp på noe realitytull da. Det hadde vært koselig å se en mer personlig side av deg. Hilsen Stan, your biggest fan.
20. mars 2010 - Kl. 18:09
A frå Oslo:
Men så fann dei jo Tommy Steine istaden, då...
20. mars 2010 - Kl. 11:58

Klikk her for å kommentere denne saka.