For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Eit tog av tause representantar



Den eigentlige grunnen til at vi markerer 1. mai.

Mange spør: Kvifor markerer vi eigentlig 1. mai?

 

Mange spør fordi dei er sarkastiske. Andre spør fordi dei lurer. Og det er forståelig. Det er mykje å halde styr på. Det er mange merkedagar, fridagar og heilage dagar i løpet av eit år. Frigjeringsdagen. Kristi himmelfartsdag. Jul. Pinse. 17. mai. 1. mai. Det kan vere vanskelig å halde dei frå kvarandre. Korleis var dette igjen? Var det då Den Heilage Ande oppløyste unionen med Sverige? Var det då Jesus kom tilbake til Eidsvoll for å lage grunnlov? Var det då Adolf Hitler invaderte Jämtland og Härjedalen og begynte å tale i tunger?

 

Det er vanskelig.

 

Derfor er det forståelig at mange unge i dag ikkje heilt hugsar kva som er poenget med første mai.

 

Mange trur 1. mai handlar om arbeidarklassens historie. At folk i dag går i tog i regn og høyrer kjedelige talar, for å minnast at det fanst ei tid då litt fleire folk gjekk i tog i regn og høyrde kjedelige talar.

 

Det stemmer ikkje. Det er ikkje derfor vi markerer 1. mai.

 

Andre trur at 1. mai handlar om balanse. At 1. mai blei innført som fridag for at ikkje alle fridagane i mai skulle vere hyggelige.

 

Det er ein interessant teori. Men heller ikkje korrekt.

 

Det 1. mai eigentlig handlar om, er solidaritet. 1. mai handlar om å gi stemme til dei stemmelause i samfunnet vårt. Og det finst mange av dei. Dei fleste av dei sitt på Stortinget. Dei representerer Arbeidarpartiet. Og du har aldri høyrt om dei.

 

Det vil forbause deg kor mange det er av dei. Dei sitt på plassane sine på Stortinget. Dei møter opp presis og stemmer som dei skal. Dei seier ikkje stort. Dei blir ikkje inviterte til debattar i radio og tv. Dei blir aldri intervjua av TV2-nyheitene. Ingen kjenner dei att på bussen. Dei kjem frå Buskerud og Hedmark, Vestfold og Troms, Hordaland og Sør-Trøndelag. Dei heiter Gunnveig Stålstad Berg og Geir Stulestad. Dei heiter Lidveig Lunde Lang og Lars Berg. Fredrik Bang og Lise Marie Bergheim Bakstad.

 

Dei sitt der, på plassane sine på Stortinget sitt, dag etter dag, månad etter månad. Ingenting skjer. Ingen er interessert.

 

Så kjem telefonen. Det er frå Flaskefoss kommune. Kunne du tenke deg å halde 1 mai-talen i år?

 

Og den telefonen kjem alltid. 1. mai er nemlig dagen då alle i Arbiedarpartiet får halde tale. Også alle dei ukjente stortingsrepresentantane. Og vararepresentantane. Dette er solidaritet i praksis. Alle skal med. 1. mai skal det haldast talar overalt, i Skapsnes og Spælfoss. I Grafsenes og Gulpefjord. I Flakstad og Fleksnes. I Nordre Bø og Søndre Sve. I Øvre Luftfjord og Nedre Saltenhoff.

 

1. mai får alle sjansen. Alle dei ukjente, anonyme, stemmelause AP-folka. Denne dagen får dei tale. Denne dagen får dei skine. Denne dagen får dei sine femten minutt. Framfor eit lys levande lyttande publikum, ofte tosifra i talet. I regn.

 

Det er nok til å halde dei stemmelause gåande eit år til.

                                                                                             

Publisert: 01.05.2010











Kommentarar til "Eit tog av tause representantar":






Raknestangen frå Raknestangen:
Sjølvsagt...
28. juni 2010 - Kl. 21:42
Anne Berit Skeie frå Sand:
Kvifor kjem ikkje du nokon gong tilbake til radioen min ? Du er sakneleg. Verkeleg !
15. mai 2010 - Kl. 23:12
Juan Li frå Asia:
I am the president of Asia.
Your argument is invalid.
5. mai 2010 - Kl. 11:27
Pål Vedeld Djupvik frå Feirelia på 6080 GURSKØY:
Eg veit ikkje om eg har heilt forstått kva du meiner, for du har vel ei mening sjølv om ho er godt innpakka?
3. mai 2010 - Kl. 13:33
Kari Lovise frå Agrarmetropolen:
Det kan opplysast at eit 20-tals tilhøyrar, samt eit korps var tilhøyrarane då det i Vestby vart halde 1.mai-tale, utan mikrofon, av ein Ap-politikar av ukjent opprinning. Det draup litt frå himmelen, til stor klage frå austlendingane. Litt skuffa, men me vil jo ikkje ha greske tilhøver heller...
1. mai 2010 - Kl. 14:46

Klikk her for å kommentere denne saka.