For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Kjære absolutt alle saman



Det er mi plikt som spaltist å gi råd til alle som skal halde 17.mai-tale i år.

Det finst to typar menneske. Den eine typen er dei som heller vil bli torturert enn å snakke offentlig. Den andre typen er dei som ikkje er i stand til å vere til stades i ei forsamling på meir enn to utan å halde tale. Denne siste typen menneske er gjerne engasjerte i lokalpolitikken, og har ein tendens til å ytre orda «eg kan godt seie eit par ord» sjølv om ingen har spurt dei om å seie eit par ord.

Det er vesentlig fleire av den første typen menneske enn den andre typen. Dei fleste som er av den første typen synest den andre typen er ganske irriterande. Men dei er også glade for at dei finst, slik at dei sjølve slepp å halde talar.

Men i mai er det ingen som slepp. Det er frigjering og det er nasjonaldag og det er masse konfirmasjonar og det er sannelig ein heil del bryllup også. Det betyr at presset er ekstra stort i mai for folk som held mykje talar. Og i mai er det heller ingen veg utanom for mange som vanligvis ikkje held talar, men som i eit veikt augneblikk sa ja til å vere fadder, forlover e.l.

Det er med andre ord ekstra mange som treng ekstra gode tale-råd i mai. Derfor er eg stolt over å endelig kunne gi eit råd som både er nyttig og vil spare tid og krefter.

Eg har nemlig oppdaga at det er fullt mulig, faktisk ganske enkelt, å bruke ein konfirmasjonstale som 17. mai-tale. Det er stort sett snakk om å sette inn Eidsvoll i staden for heimplassen til konfirmanten, bytte ut namnet til konfirmanten med «Norge» eller «Grunnlova», justere nokre tal og historiske detaljar, og vips! så har du ein perfekt tale for nasjonaldagen, og du har spart mykje arbeid.

I dette eksemplet har eg sett dei strokne orda frå konfirmasjonstalen i parentes. Vanskeligare er det ikkje. Lykke til!

Kjære (Geir) grufstadværingar!

Kjære (familie og venner) alle saman!

Gratulerer med dagen.

Dette er ein stor dag for (Geir) den norske nasjonen.

I år er det (15) 196 år sidan (Geir) den norske grunnlova såg dagens lys.

(Gunn og Lars Erik) 112 utvalde menn møttest på (Grufstad Grill & Disco) Eidsvoll og resultatet blei (Geir) grunnlova, som er sjølve grunnen til at vi alle er samla for å feire i dag.

Som (fadder) mangeårig medlem i Grufstad kommunestyre og nestleiar i Nemnda For Næringsutvikling og Innovasjon i Grufstad Sentrum, er det mi plikt å halde denne talen.

Men eg opplever det ikkje som ei plikt. Først og fremst er det ei glede og ei ære å få seie nokre ord på (Geirs) grunnlovas store dag.

(Geir) Norge er (ein fin fyr) eit godt land som eg er stolt av og glad for å (kjenne) bu i. I dag feirar vi at (Geir) denne nasjonen har blitt vaksen, fri og sjølvstendig.

Fridom og sjølvstende kjem ikkje av seg sjølv. Mange har vore viktige for utviklinga til (Geir) nasjonen Norge. For eksempel (tante Agathe) Max Manus, (onkel Bjarne) Kjakan, (Gunn og Lars Erik) Einar Gerhardsen, og ikkje minst (alle dei gode vennene dine) Henrik Wergeland.

Det er mange minne knytt til ein dag som denne. I dag er det (hyggelig) viktig å tenke tilbake på (alle dei fine ferieturane) 1905 og (alle dei hyggelige dagane eg har fått ha her saman med både Geir og Gunn og Lars Erik som alltid har hatt ei open dør) krigen.

(Geir) Norge har alltid vore opptatt av (fotball) fred, fridom, likskap og rettferd, og ein dag skal du sjå at (Geir får den sentrale midtbaneplassen på landslaget) heile verden lever i fred og fridom. Det må vere lov å drøyme på ein dag som denne.

Gratulerer med dagen. No blir det is.


Publisert: 15.05.2010











Kommentarar til "Kjære absolutt alle saman":







Kjell_arne frå Oslo:
For at at helheten skal være komplett, og den gode nasjonalfølelsen skal varme - kreves det at mange av oss tar på oss bunaden som, Gud forby noe annet, er sydd av vaskeekte hvite nordmenn i Norge...

15. mai 2010 - Kl. 14:13
MajFL:
Genialt! Mange takk.
15. mai 2010 - Kl. 13:59
Katy frå France:
Takk for godt tips. Hadde konfirmant i fjor, så da er det bare å hente talen frem fra det store arkivet, og mandagen er reddet : )
15. mai 2010 - Kl. 11:43
Ida:
og vi ser problemet med amatører på Facebook - som ikke skjønner når et innlegg er sendt og klikker på nytt... og dessuten tror de kommenterer til den som la ut lenken ( dvs en bekjent) og ikke til "opphavet" ( dvs en ukjent):)
15. mai 2010 - Kl. 00:28
ida:
Takk, da er mandagens tale reddet! Problemet er bare - ingen har bedt meg holde den...
15. mai 2010 - Kl. 00:18
ida:
Takk, da er mandagens tale reddet! Problemet er bare - ingen har bedt meg holde den...
15. mai 2010 - Kl. 00:17

Klikk her for å kommentere denne saka.