For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Endelig litt konkurranse



VM er i gang. Og dersom du no tenker Kva for eit VM?, så treng du ikkje lese vidare. Eller forresten. gjer det likevel.

Vi er inne i den vakre månaden då ein kvar som helst og når som helst på døgnet kan møte menneske med tresko på hovudet, menneske pakka inn i flagg, menneske med flagg i ansiktet, menneske som later som om dei er brasilianarar, menneske som er brasilianarar, og ikkje minst: Menneske som dansar i gatene klokka kvart over seks på ein måndag.

 

Fotball-VM er også ei fin tid for alle som liker å tippe. Dei fleste som er interesserte har allereie tippa kven som vinn VM, og sidan det berre er feigingar som tippar vinnarar etter at turneringa er i gang, så har vi laga ein annan tippe-konkurranse. Ein inkluderande tippekonkurranse, der det ikkje er nødvendig å kunne så mykje om fotball for å delta. Vi har plukka ut fire setningar som trulig kjem til å bli ytra i løpet av fotball-VM. Du tippar i kva samanheng setninga kjem til å bli ytra. Du får tre alternativ per setning. Lykke til!

 

«Her er Sør-Afrikas lengste penis»

a)   Overskrift i Dagbladet

b)   Replikk frå sørafrikansk turist i Norge.

c)   Replikk frå hissig fotballkommentator som var i ferd med å kalle ein spelar på det sør-afrikanske laget noko veldig stygt, men henta seg fint inn att ved å bruke den latinske nemninga i staden.

 

«Namdaling blander saft for Elfenbenskysten»

a)   Overskrift i Namdalsavisa.

b)   Setning brukt i undervisning for folk med norsk som andrespråk.

c)   Tittelen på årets noko overraskande sommar-hit frå Postgirobygget, der dei går nye vegar og prøver å nå ut til både Midt-Norge og det afrikanske miljøet med ein tekst om å ligge på eit svaberg på ein luftmadrass og ete krabbe og drikke saft og høyre fotball-VM på radio.

 

«Heia Nord-Korea»

a)   Ironisk replikk på fotballpub under Brasil - Nord-Korea.

b)   Overskrift i Nord-Koreas største avis. Overskrifta er å oppfatte som ein ordre.

c)   Tittel på litt for lang kronikk av ein sosialantropolog som meiner at om ein skal forstå og ta på alvor fotballens kultur og historie, og fotballpublikummets dyrking av underdogen, så er det alle fotballelskarars plikt å halde med Nord-Korea.

 

«Hvazzscohallaschhh... hm?»

a)   Ein full mann med flagg i ansiktet prøver å spørje om vegen til fotball-puben

b)   Overskrift i avis som let korrekturlesaren gå på fotball-pub i arbeidstida.

c)   Overskrift i VG. Oveskrifta er eit ordspel som er så innvikla og rart at det berre er folk som jobbar i VG som forstår det.

 

No er det berre å samle familie og venner. Lag ein konkurranse. Tipp i veg. På finaledagen har du svaret. Klarte du fire rette?

 

Send dine forslag med kodeord EGLETMEGLUREIGJENGITT til 1234567. Det kostar 700 kroner per melding.

 

Vi trekker ein vinnar, som vinn retten til å danse i gatene klokka kvart over seks på ein måndag.

 

Lykke til!

                                                          

Publisert: 12.06.2010











Kommentarar til "Endelig litt konkurranse":



Kent Are frå Husnes:
Haha :) Vil no tru at A-C-B-C er rett :)
12. juni 2010 - Kl. 18:13
Knut frå Oslo:
ACCC (håper jeg ikke vinner)
12. juni 2010 - Kl. 17:04

Klikk her for å kommentere denne saka.