Vil du vite kva eg driv med (Av og til lurer eg på det sjølv)? Vil du vite kvar du kan treffe meg? Eventuelt vite kva plassar du bør ligge unna dersom du absolutt ikkje vil treffe meg? Legg igjen ei e-postadresse og eit hint om kvar i landet du bur, så vil du få nyheiter om meg og min heim til di elektroniske postkasse.
Alle som er registrerte er også med i regelmessige trekningar om heilt eksklusive, djupt egobyggande premiar som CDar og bøker med til dels oppsiktsvekkande personlige helsingar. Du vil blant anna også få tilgang til ein VIP-meny med lydklipp, svar på "ofte stilte spørsmål", og eit arkiv så digert at det får Nasjonalbiblioteket til å verke som ein hybel.