For VIP-brukarar:
Gløymt passord Ny brukar
|
Politisk Korrææææææææææækt

Skikkelig lei no. Skikkelig lei. Skikkelig skikkelig lei.

No skal eg seie noko skikkelig politisk ukorrekt. Følg med no: Det er forskjell på kvinner og menn.
Okei, ein til: Det finst utlendingar som ikkje er spesielt hyggelige. Håhåhåh. Å gud, no var eg dristig og ukorrekt.
Er ikkje du lei av folk som seier sånt? Eg er lei av folk som seier sånt. Skikkelig lei.
Viss du er ein av dei som bruker uttrykka politisk korrekt og politisk ukorrekt, så har eg berre ein ting å seie: Slutt med det. Berre slutt. Desse uttrykka har vore meiningslause i mange år no. Ein gong var dei ei god skildring av noko, så god at mange begynte å seie det, og så gjekk det som det alltid går med uttrykk som mange begynner å bruke, dei begynner å handle om alt mulig. Folk begynner å kalle alt dei ikkje liker sjølve for politisk korrekt, noko som sjølvsagt betyr at det å vere politisk ukorrekt er noko som alle vil vere og derfor ganske politisk korrekt, og det mest politisk ukorrekte du kan gjere er å vere politisk korrekt og uttrykka har for lengst mista alt innhald.
Men sluttar folk å bruke uttrykka av den grunn? Langt ifrå.
Men no er det nok. Det har vore nok lenge faktisk. Eg veit kor lenge. Eg har nemlig gjort litt research. For ein gongs skuld har eg førebudd meg til eit kåseri. Eg anar ikkje når nokon først brukte uttrykket politisk korrekt, det er heller ikkje interessant. Men eg veit at i 1994 var boka ”Politically correct bedtime stories” ein bestseljar i England. For at den skulle kunne bli ein bestseljar, må uttrykket ha vore på høgden då forfattaren begynte å skrive boka. Og det tek si tid å skrive ei bok. Eller det gjer det sjølvsagt ikkje, men det er ganske mykje styr med korrekturlesing og trykking og slikt, og det tek tid, så vi kan trygt gå utfrå at uttrykket politisk korrekt i alle fall må ha vore godt etablert i kvardagsspråket i 1992.
1992! Det er fjorten år sidan.
I 1992 låg Bonnie Tyler på VG-lista med ”Bitter Blue”. Hugsar du den? Forferdelige greier. Denne songen var nummer to i Norge i 1992. Go go gorilla var nummer 1.
Kriss Kross låg på VG-lista i 1992. Hugsar du Kriss Kross? Kriss Kross var eit guteband som kanskje ikkje bidrog med så veldig mykje nytt, reint musikalsk, men dei gjorde i alle fall ein ting som var heilt ny: Dei hadde buksene bak fram. Og sidan dei var ganske populære så var det sjølvsagt nokon som kopierte dei. Så i ein kort periode i 1992 var det faktisk folk som gjekk rundt med buksene bak fram.
MEN DEI GJER JO IKKJE DET NO?!!! FJORTEN ÅR ETTERPÅ.
På eit eller anna punkt innser ein at dette er poenglaust og så sluttar ein med det.
1992 er fryktelig lenge sidan. Då 1992 begynte fanst ikkje EU. Det heitte EF. Danmark vann fotball-EM. Forstår du? Danmark! EU heitte EF og Danmark vann EM med buksene bak fram og song bitter blue bitter blue, for det var slikt ein dreiv med i 92. Men ikkje no lenger. For dette er fjorten år sidan. Og vi legg ting bak oss. Vi går vidare.
Men sluttar å seie politisk korrekt? Å nei då.
Veit du kva som var beste nasjon under sommer-OL i 92? SUS. Hugsar du SUS? Eg har forlengst gløymt kva det stod for, men SUS var ei samlenemning for alle dei tidligare sovjetrepublikkane. For i 1992 var det så kort tid sidan Sovjetunionen hadde gått i oppløysing at vi ikkje eingong visste kva vi skulle kalle alle desse nye landa. Så vi kalla dei SUS. Forstår du? Når du snakkar om å vere politisk korrekt er du like oppdatert som nokon som går rundt med buksene bak fram og nynnar på Bonnie Tyler og snakkar om Sovjetunionen!!
I 1992 tok Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie masse gullmedaljer i Albertville. Sidan den tid har dei slutta med toppidrett. Dei har slutta å reise på tur med Arne Hjeltnes. Og kanskje – vi kan alltids håpe – har til og med Vegard Ulvang slutta å delta i tv-reklamer der folk er utkledde som sauar. Alt dette har dei klart å slutte med sidan 1992. Men har vi klart å slutte å seie politisk korrekt?
Å nei då.
I 1992 var Johny Cash i Norge. No er han død.

Publisert: 06.04.2006


|

|

|

|

|

|

|

|

|

|
Kommentarar til "Politisk Korrææææææææææækt":


Rompa til presten frå Grong:
Hæhæ, genialt mann!
26. oktober 2009 - Kl. 13:06
|

are frå heime:
eg HYRAD at du varte lei av ny norsk!?
22. oktober 2009 - Kl. 09:16
|

Monty frå Python:
Synes du er flink jeg, Kalvø.
Trenger bare Are! Og en stor dose Beranek da.
31. mai 2009 - Kl. 20:38
|

Morty frå sporty:
Kor f**n er tårsken! Æ spis tårsk tel kvelds kvar jævla dag. Æ skal vise han kråkebolle tenker æ.
15. mai 2009 - Kl. 08:44
|

andyhandy frå urban:
æ skulle helst sett at det var snakk om tårsken! ka seier du Morten?
15. mai 2009 - Kl. 08:39
|

Knut i Bygget frå Henning i Gata:
Bra bæsj. Fortsett å rulle, hjemmehund :)
15. mai 2009 - Kl. 08:39
|

Morty frå Kjøkkenet:
Æ likar søtsaka
15. mai 2009 - Kl. 08:38
|

Andreas frå Sigdal:
knakande godt kåseri :)
15. mai 2009 - Kl. 08:34
|

Mortenhorten frå Åmot, refsalkrysset:
Satan, ein heidundranes flott tekst!
Pupp
15. mai 2009 - Kl. 08:34
|

Romer frå Rom:
Politisk korrekt ble brukt av oss Ca. 1700 år siden. Det var en advokat som beklaget seg over forfallet og advarte mot imperiets fall. Det var svært mange i Rom som syntes det var ubehaglig å tenke slike tanker, så de
fortalte hverandre istedenfor at Romer riket
stod grunnstøtt og at festen kunne fortsette.
De som var bekymret ble kalt fest bremser og
POLITISK UKORREKTE. Derfor var de som lo av advarslene POLITISK KORREKTE.
12. mars 2009 - Kl. 16:20
|

bearpwnz frå trondheim seff -_-:
BITCHES, HOLD KJEFT! THE BIG-ASS-G BACK IN TOWN, ROCKIN IT OLDSCHOOL'. SO SHUT UP, LEAN BACk, AND ENJOY THE MOTHERFUCKING SHOW.
neiass, joass :) bra kåseri kis ! stå på
mannjan herske !!!!
9. februar 2009 - Kl. 18:46
|

Georg13+bhy.8126nomw273Loooo frå sausby:
Jeg skjønner ikke en drit av det du skriver, men for å være helt ærlig så synes jeg at det eier! OFC!!!!! GAMING FTW!!!!
5. februar 2009 - Kl. 08:26
|

Else frå Bodø:
Jeg skal skrive et kåseri om pubertet, og jeg skulle ønske jeg kunne skrive noe i nærheten av så bra du skriver, men er rett og slett umulig. :P
Men go Are! :D
28. mai 2008 - Kl. 19:39
|

NICE NICE frå Politisk korrekt utnfr Trondh.:
Du er virkelig verdens fremste kåsør.
--
22. mai 2008 - Kl. 23:35
|

Elev frå Stavanger:
jeg sier aldri politisk korrekt.
så det er ikke relevant for meg.
og ja johnny cash er død, (2003)
5. mars 2008 - Kl. 19:51
|

Karoling frå Skien:
Vanvittig bra
9. februar 2008 - Kl. 01:53
|

Ikke din sak! frå Fuck Off!:
Jeg mener det du skriver er bare tull!!!
Du skriver som en som går på barne skolen!
Jeg skulle likt å se deg med buksene bak fram!
Og du klarer ikke en gang å få fakta riktig!!!!!
At det går an!
17. januar 2008 - Kl. 16:32
|

Elise F. Ø. frå Oslo:
Jeg er født i '92 og jeg får ikke lov til noen ting fordi jeg er så ung (sier de), men nå følte jeg meg faktisk veldig gammel.
Så jeg får vel si tusen takk - for å være politisk korrekt. ;p
3. november 2007 - Kl. 21:19
|

wenche frå elverum:
Bonnie Tyler lå på listene med Bitterblue i 1991,og ikke 1992.Få i det minste fakta rett da,før du babler en hel haug med tull,fjott!!
9. juni 2007 - Kl. 00:24
|

CAvH frå Florida Keys:
Det er bare PK-ere som til stadighet jobber febrilsk med avskaffelse av dette begrepet. For resten er dette i dag en terminologi som har kommet og har blitt permanent, uansett hva eliten sier.
CAvH
9. mai 2007 - Kl. 20:19
|

TrondZ:
Godt bereikna. Det tidlegaste eksemplet eg har sett på bruken av ordet var i 1990, trur eg.
4. mai 2006 - Kl. 11:12
|

Klikk her for å kommentere denne saka.
|
|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|
|
|


|