For VIP-brukarar:
Gløymt passord Ny brukar
|
Ned med Slovenia!

Slovenia er eit møkkaland

Kva skal vi eigentlig med Slovenia? Slovenia er eit patetisk lite land med berre to millionar innbyggarar. Rett nok har dei litt kyst, men det er ikkje rare greiene samanlikna med Norge. Fjell har dei også, men kven har ikkje det? Og hovudstaden heiter Ljubljana. Ljubljana! Hallo? Det går an å skrive utan å bruke bokstaven j absolutt heile tida! Halvparten av Slovenia er dekka av skog. Kvifor ikkje berre dekke heile greia? Eg skulle gjerne vitsa litt om Slovenias historie også, viss dei hadde ei historie. Men det har dei ikkje. Dei blei sjølvstendige i 1991. 1991! Eg ler!
**
Idrettsfolk har ikkje verdens beste humor. Og det er ikkje rart. Spesielt ikkje når vi snakkar om toppidrettsutøvarar i individuelle idrettar. Dette er einspora folk som er mykje åleine, og når dei ikkje er åleine, er dei saman med likesinna, utan alkohol. Einspora folk som heng saman med likesinna utan alkohol er oppskrifta på dårlig humor. Her skulle det vere nok å nemne Tensing.
Sjølvsagt finst det unnatak frå hovudregelen om dårlig humor i idretten. Dei rutete buksene til det norske curlinglaget, for eksempel. Men den stadig tilbakevendande «krigen» mellom Norge og Sverige er ikkje eit unnatak. Det er akkurat det same kvar gong det er eit idrettsarrangement som både Norge og Sverige er med i: Dei same dårlige vitsane. Den same nabo-mobbinga. Utøvarane er med på det. Trenarane er med på det. Og sportsjournalistane. Svenskane seier noko om at nordmenn berre er late og fulle av olje og at det dessutan bur ganske få folk her og Alexander Rybak er eigentlig ganske irriterande. Nordmennene seier noko om at svenskane er misunnelige og ikkje har komme seg vidare sidan Abba. Og så er det nokon som minner om krigen. Og om Jørgen Brink, han svensken som sprakk. Det er det same kvar gong. Det går på rutine.
Slutt med det! Det er berre pinlig. Og gammalt. Og veldig irriterande for oss som liker idrett og humor. Finn på noko anna. Noko som krever litt innsats. Og det er derfor eg foreslår:
Kvifor ikkje ta Slovenia i staden?
La svenskane sleppe. Mobb slovenarane. Det er ikkje like lett. For vi veit ikkje like mykje om Slovenia som om Sverige. Men det går an å finne noko å mobbe Slovenia for også, om ein berre jobbar litt. For eksempel:
Her er nokre av regionane i Slovenia: Osrednjeslovenska, Spodnjeposavska,
Notranjsko-kraska. Ikkje rart det skjer så lite interessant i Slovenia. Folk har ikkje tid til å finne på noko interessant. Dei bruker all tida si til å uttale namna på fylka sine.
Den slovenske nasjonalsongen heiter Zdravljica. Prøv å synge det, du. Zdravljica! Og folk lurer på kvifor Slovenia aldri har gjort det betre enn ein sjuandeplass i Melodi Grand Prix? Her er nokre av songane dei har deltatt med: Naj bogovi slisijo. Dan najlepsih sanj. Der har du igjen dette med desse j-ane som dei slenger inn overalt i alle ord. Alle forstår at dersom du skal delta i ein songkonkurranse, så er det ein fordel med ein songtittel som det går an å synge. Her i Norge er vi i det minste smarte nok til å forstå at Rybak ikkje ville ha vunne om songen heitte «Fjairyjtalej». Og årets norske bidrag heiter ikkje «Myj hjeart ijs jours», sjølv om det er omtrent slik Didrik Solli-Tangen uttaler tittelen på songen sin.
**
Eg er klar over at det er noko trygt og godt over denne Norge-Sverige-mobbinga. I ei tid då mykje er usikkert. I ei tid då det ikkje lenger er like lett å meine det ein alltid har meint. Mykje går i oppløysing no. Politiske parti vi har vore vane med å håne, er i ferd med å forsvinne. Det er ikkje like artig som det var å le av Dagbladet, no blir det mest å sparke dei som ligg nede. Og det er ikkje like enkelt som det var å vere kritisk til undertrykkande religion og positiv til kulturelt mangfold samtidig. I slike tider kan det vere greitt med noko som ikkje forandrar seg. Som mobbinga av Sverige. Som kjem kvar gong det er OL eller VM. Eg forstår det. Men ærlig talt, det er nok no. Tidene forandrar seg. Det er på tide å strekke seg etter noko anna. Noko meir.
**
Slovenia har ei fattig bronsemedalje så langt i OL. Ha ha ha! Patetisk!

Publisert: 19.02.2010

|
|


|