For VIP-brukarar:
Gløymt passord Ny brukar
|
Møkkamannen frå Ulvik - første bind

Det kan aldri bli mange nok bøker om Lars Sponheim!

Det har komme ei bok om Lars Sponheim. Til irritasjon for nokre. Mellom dei Lars Sponheim. Som også har tenkt å komme med ei bok om Lars Sponheim snart.
Sjølvsagt burde det ikkje vere eit problem for Lars Sponheim at det kjem mange bøker om Lars Sponheim. Målet for ein kvar stor partileiar bør vere at biografiane om partileiaren har fleire sider enn partiet har veljarar. Og det målet kjem Sponheim etter alt å dømme til å nå i god tid før påske.
Dessutan bør Sponheim sjå litt stort på det og tenke over at politikar-biografiar er til glede for mange menneske. Eller i alle fall for nokre politikarar. Og ikkje minst for nokre politiske kommentatorar. Og dei har ikkje så mykje å glede seg over. Dei politiske kommentatorane lever triste liv, det veit alle som denne veka har sett og høyrt dei prøve å gjere ein skandale ut av at kronprinsen nesten blei med i eit utval.
Men når det kjem ein politikarbiografi, då er det fest i kommentatorkretsar. Då kan kommentatorane snakke om korleis den biograferte politikaren eigentlig er, og slik får dei fortalt at dei kjenner kjendisar. Og ikkje minst, når det kjem ein politikarbiografi kan både politikarar og kommentatorar bruke rikelig med tid på det politikk verkelig handlar om: Å lure på kva som kan ha skjedd ein gong for ei stund sidan då nokon kanskje møttest og kanskje sa noko som vi likevel aldri vil få vite sikkert.
Denne gongen går spekulasjonane om nokre samtalar mellom Sponheim, Knut Arild Hareide frå KrF og Ola Borten Moe frå Senterpartiet. Biografane hevdar at desse tre snakka om å kaste SV ut av regjeringa. Hareide og Borten Moe hevdar at dei snakka om laust og fast. Sponheim hevdar at dei ikkje snakka.
Det kan verke rart at folk kan ha så ulike oppfatningar av dei same samtalane. Men minnet er ein pussig ting. Dessutan er det ikkje utenkelig at desse tre snakkar ein del forbi kvarandre, sidan dei har svært ulike måtar å snakke på. Hareide kviskrar, Borten Moe snakkar ganske normalt til å vere trønder, Lars Sponheim buldrar. Dialektforskjellane kan vere ei anna kjelde til misforståingar. Borten Moe er som sagt trønder. Hareide er vestlending. Sponheim er Sponheim.
Det er vår plikt som borgarar i eit demokrati å halde oss orienterte om vesentlige politiske spørsmål. Derfor har eg prøvd å rekonstruere dei ulike versjonane av kva som blei sagt mellom dei tre politikarane.
Biografanes versjon:
BORTEN MOE: Kva om vi kastar SV ut av regjering?
HAREIDE: God idé!
SPONHEIM: Eg vil vere statsminister.
Borten Moes og Hareides versjon:
BORTEN MOE: No kjem sola, gitt.
HAREIDE: Ja, så sannelig.
SPONHEIM: Eg vil vere statsminister.
Sponheims versjon:
SPONHEIM: Så fint det er å stå her heilt åleine utan noko anna enn mine eigne tankar om framtida, politikken og livet.
BORTEN MOE: Kva om vi kastar SV ut av regjering?
HAREIDE: God idé!
SPONHEIM: Kva var den lyden? Ein mygg?
Dei politiske kommentatorane sin versjon:
SPONHEIM: Voff gambati lala marimba hopp?
HAREIDE: Hæ?
MOE: Snakk høgare, Hareide.
SPONHEIM: Nei, vi må ikkje bruke namn. Dei politiske kommentatorane har auge og øyre overalt. Og dei er sylskarpe. Dei ser rett gjennom oss. Eitt blikk, eitt ord, og dei forstår alt. Vi kan ikkje vere forsiktige nok. Derfor: Ingen namn. Og vi gir alle beskjedar i kode. Altså: Voff gambati lala marimba hopp?
BORTEN MOE: Og kva betyr det?
SPONHEIM: Det vil vise seg når biografien kjem.
For det kjem fleire biografiar! Det er det som er så fint. Dette kan vi snakke lenge om.

Publisert: 06.03.2010

|
|


|