For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Slepp Jimmy fri



Jimmy Jump reiser heim i skam etter fleire mislykka sabotasjeaksjonar.

Som dei feste andre som såg på tv sist laurdag, så la heller ikkje eg merke til at det var noko rart med det spanske Melodi Grand Prix-bidraget før eg fekk beskjed om det etterpå. Det vil seie, sjølvsagt la eg merke til at det var noko rart med det spanske Melodi Grand Prix-bidraget. Det meste var rart med det spanske Grand Prix-bidraget. Men eg trudde det skulle vere sånn. Så viste det seg altså at han eine fyren i raud hue ikkje høyrde heime der. Han hadde berre storma opp på scena frå salen og stilt seg opp midt mellom dei andre rart kledde spanjolane. Mannen kallar seg Jimmy Jump og er ein fyr som driv med nettopp dette: Han reiser rundt i verden og stormar scener og arenaer for å sabotere store hendingar: Fotballkampar, konsertar osb.

 

Vaksne mannen.

 

No viser det seg at Jimmy Jump har utført fleire mislykka sabotasjeaksjonar i Norge den siste veka. Fredag reiste han heim i skam. Det var ein skuffa Jimmy som møtte oss på flyplassen før heimreise:

-Eg hadde planlagt desse aksjonane lenge, og trudde eg skulle få masse merksemd. Så viste det seg altså at ingen la merke til sabotasjeaksjonane i det heile tatt. Etter denne fiaskoen må eg gå i meg sjølv, seier Jimmy. Så fortel han oss om alle aksjonane han har gjennomført  Norge denne veka.

Det begynte på måndag då han sneik seg inn på Stortinget under høyringa om CO2-reinsing. Han kledde seg ut som statsråd Terje Riis-Johansen og gav hårreisande svar på alle spørsmåla.

 

Etterpå viste det seg at alle trudde han faktisk var Terje Riis-Johansen. Jimmy er svært overraska:

-Eg hadde eit svar som eg hadde planlagt, men som eg droppa fordi det blei for dumt. Viss eg blei spurt om eg hadde halde tilbake informasjon, så skulle eg svare ‘Eg har ikkje halde tilbake informasjon, informasjonen har berre blitt forseinka av tekniske grunnar, informasjonen kjem kanskje i 2018, men eg vil ikkje garantere noko.’ I ettertid ser eg at eg trulig ville sloppe unna med den også.

 

Måndag kveld dukka Jimmy Jump opp igjen. Denne gongen i Bergen der han prøvde å sabotere Guns N’ Roses-konserten. Etter fadesen på Stortinget, bestemte Jimmy seg for å overdrive meir denne gongen. Han storma scena utkledd som ein parodi på frontfiguren Axl Rose nesten to og ein halv time for seint og breka seg gjennom heile konserten.

 

Etterpå måtte Jimmy innsjå at han hadde bomma igjen. Alle trudde at dette faktisk var Axl Rose. Berre Jimmy veit at den ekte Axl Rose satt på Zachariasbryggen under heile konserten.

 

Jimmy prøvde så å gjenta stuntet under Guns’n’Roses-konserten i Oslo eit par dagar etter.  Denne gongen drog han på skikkelig og draperte seg i eit svensk flagg. Heller ikkje denne gongen var det nokon som forstod at dette var ein sabotasje. Axl Rose sjølv åt reker på Aker Brygge.

 

Mest skuffa er likevel Jimmy over den mislykka sabotasjeaksjonen på Ullevaal Stadion på onsdag. To gonger storma Jimmy Jump bana under landskampen mellom Norge og Ukraina. Den eine gongen i drakta til Brede Hangeland. Den andre gongen i drakta til Simen Brænne. Begge gongane sette han ballen over mål frå tjue centimeter. Ingen forstod at dette heller var ein sabotasjeaksjon. Jump er oppgitt:

-Eg hadde førebudd meg grundig til dette. Eg har øvd mykje og lenge på å sette ballen over mål frå tjue centimeter. Det er faktisk veldig vanskelig.

 

Han er skuffa no, og har bestemt seg for å gi seg som sabotør. I staden har han takka ja til fast jobb som vokalist i Guns N’ Roses.



Publisert: 05.06.2010











Kommentarar til "Slepp Jimmy fri":



Audun frå Bærum:
Hæ, betyr det at det ikke var Whitney Houston, heller???
7. juni 2010 - Kl. 11:33
Morten frå Grorudaln:
Jeg viste at det ikke kunne vøre andre enn Jimmy Jump. Godt å få det klarlagt. For en stund trodde jeg virkelig det var Brenne som bomma fra 20cm. Sett på makan. Godt han drar hjem nå,men hvem skal stå bak fadesen om PC inndragningen av dyslektikere nå da?
5. juni 2010 - Kl. 08:50

Klikk her for å kommentere denne saka.