Sound of Musvik

Tullemusikal på Centralteatret

Skodespelarane Anders Hatlo og Johannes Joner er glade i å tulle og gå i kvinneklede. Intruktøren Bjørn Sæter er glad i ekstremt raske kostymeskift. Sjølv er eg svak for crazykomikk og norsk populærmusikk. Legg til vår felles fascinasjon for folk som bryt ut i song, og du vil forstå at dette var noko vi måtte gjere. Sound of Musvik fortel historia om kva som skjedde etter at musikalklassikaren The Sound of Music slutta, på høgst fjasete vis, med Joner og Hatlo i alle dei trettitals rollene, med stadige verdsrekordforsøk i hurtigskift, plutselige sjangerparodiar, og med oppsiktsvekkande versjonar av norske popklassikarar frå Inger Lise Rypdal til Kaizers Orchestra som musikalske innslag.



Sound of Musvik hadde premiere på Centralteatret i Oslo i oktober 2004. Eg fekk lov til å skrive djupt løgnaktige biografiar om skodespelarane i programmet. Her kan du lese dei:



Johannes Joner utmerka seg tidlig som ein annleis elev på Statens Teaterhøgskole då han foreslo å spele Peer Gynt syngande i kjole. Dette blei sett på som både spennande og dristig. Tvilen begynte å melde seg i lærarkollegiet då det etter kvart viste seg at Joner foreslo å spele alle roller syngande i kjole. Som kjent har menn som liker å stå framfor forsamlingar og synge i kjole berre to mulige arbeidsgivarar i Norge: Den norske kirke og Oslo Nye Teater. Joners vinnande vesen gjorde han uskikka for teneste i Den norske kirke, og slik hamna han på Oslo Nye Teater, der han straks begynte arbeidet for å få lov til å synge i kjole. Mykje synging har det blitt opp gjennom åra. Ein del kjolegåing også. Men sjeldan begge delar samtidig. Nærmast har han vore i Mysteriet Myrna Vep, der han ikkje song så mykje, men til gjengjeld gjekk i kjole nesten heile tida, i TV-serien Jul i Blåfjell, der han song og gjekk med rar hatt, og ikkje minst i radioprogrammet Hallo i uken, der Joner alltid går med kjole i studio. Først no, med Sound of Musvik, har Joner fått ei rolle der han syng i kjole heile tida. Etter dette kan det berre gå nedover.



Anders Hatlo slo gjennom som krimhelt i den legendariske tv-serien Helmer og Sigurdson på 1800-talet. Etter tv-suksessen levde Hatlo eit vilt jetsetliv i det sagnomsuste NRK-krimsuksessmiljøet før han til slutt fekk eit mål i livet då han for første gong stod på ei scene saman med Johannes Joner på 1900-talet. Joner og Hatlo fann kvarandre i ein felles kjærleik til stykke der ein syng ein del og der det er ikkje er andre skodespelarar enn dei to på scena. Hatlo begynte etter dette eit målmedvite arbeid for å skvise ut alle dei andre skodespelarane på teatret slik at han og Joner til slutt skulle få alle rollene. Med si erfaring frå krimmiljøet hadde Hatlo god kjennskap til bruk av skitne triks, og gjekk ikkje av vegen for verken beinkrok eller planting av heil pepar under brunostskiver. Då det målretta arbeidet med å psyke ut dei andre skodespelarane ikkje førte fram, begynte Joner og Hatlo i staden å arbeide med eigne idear. Den første ideen var ei norsk nyinnspeling av filmen Ben Hur, med Joner og Hatlo i samtlige roller. Planane blei droppa på grunn av problem med finansieringa, og for lite synging. I staden testa dei ut kor mange roller dei kunne klare i Mysteriet Myrna Vep, før dei no endelig både syng og speler mange roller i Sound of Musvik. Etter dette kan det berre gå nedover.



Som om dette ikkje var forvirrande nok frå før, så kan du her lese den andre teksten eg skreiv til teaterprogrammet.


Are Kalvø - 23.11.2004