Julelatter 2010

Forestilling på Latter. Ved juletider. I 2010.

Julelatter var ei standup-forestilling med Dagfinn Lyngbø, Anne-Kat. Hærland, Nils Ingar Aadne og meg. Forestillinga hadde premiere på Latter i Oslo seint i oktober 2010, og blei spelt støtt og stadig ut januar 2011. Då var det ikkje grunnlag for å strekke jula meir. Var også på turné i desember, med stopp på følgjande kvalitetsscener: Ibsenhuset i Skien, kulturhuset i Tromsø, Konserthuset i Stavanger, Grieghallen i Bergen og Olavshallen i Trondheim.

Are Kalvø - 28.10.2010