Fotball-opera på Det Norske Teatret

23. juni 1998 slo Norge Brasil i fotball-VM og landet gjekk bananas. Endelig kan du no oppleve denne historiske kvelden ein gong til. Som opera. Eg har skrive teksten. Helge Førde har skrive musikken. Det Norske Teatrets beste folk fyller rollene som Kjetil Rekdal, Tore Andre Flo, Drillo og ei rekke tilskodarar som får liva sine forandra denne kvelden.