Ny bok! Signering! Meir!

Den norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan av ein gjeng ureinslige menn på seminar på Eidsvoll. Eg meinte eg måtte kunne gjere ein betre jobb, og reiste ut i landet for å lage ei ny og betre grunnlov som bygger på det folk tenker no. Resultatet blei ei ny grunnlov, tv-serien "Riksforsamlinga" (som du kan sjå her) og ei ganske festig bok med tittelen "Ny grunnlov". 

Boka kan du kjøpe hos din favorittbokhandlar, eller litt billigare her.

Om du heller vil ha lydboka, som eg les sjølv, så får du den her.

Her er nokre av plassane eg skal signere og/eller lese høgt i tida framover. Det kjem meir. Følg med her, eller på kalenderen eller "Neste opptredenar". 

10. juni: Bokkveld, Iveland

29.-30. juni: Dei nynorske festspela, Ørsta/Volda

31. august: Bjørnsonfestivalen, Molde

 

Og det kjem altså meir. Sjåast!