Nytt show! Premiere i august!

“Toppar VG-lista” handlar om popmusikken og meininga med livet. Eg prøver å forstå vår tid og livet sjølv gjennom nokre tilfeldige songar som har toppa VG-lista ein eller annan gong dei siste femti åra. Det blir tullprat, det blir parodiar, det blir meir eller mindre sanne historier frå livet mitt, det blir politikk, det blir religion, det blir kjærleik, det blir krig og fred, det blir vas. Og song og dans.

Med meg på scena har eg musikaren Ståle Sletner som speler det meste, og skodespelarane Julie Moe Sandø og Julie Støp Husby. Ikkje begge to samtidig, dei skal bytte på. Dei syng ein del, dansar litt og pratar litt tull med meg. Eg pratar veldig mykje tull. Og syng og dansar litt. Det er berre å beklage. Vi gleder oss grusomt til å vise fram dette, endelig.

Regien er ved sjølvaste Erik Ulfsby, som dessutan er teatersjef, og også hadde regien på den forrige forestillinga mi på dette teateret. Premieren blir 19. august. Og det er no lagt ut billettar til åtte forestillingar i august og september. 

Du finn meir infirmasjon om du kan kjøpe billettar om du klikkar på ordet her HER.