Det folk vil ha

Du vil få vite meir om "Det folk vil ha" på denne sida etter kvart. Men dette kan du få vite allereie no: Tittelen er "Det folk vil ha". Undertittelen er "Revy med danseband og diktator" Det ER ein revy med danseband og diktator. Og mykje anna. Eg har skrive manus og skal stå på scena saman med ekte skodespelarar, ekte dansarar og ekte musikarar. Lasse Kolsrud har regien. Ein strålande skodespelar, som regidebuterte med teaterversjonen av "Bikubesong", ei strålande framsyning bygd på ei strålande bok. Det kjem til å bli artig.