Norge-Brasil, ein opera

Om du skal sjå berre ein nynorsk fotballopera i livet ditt, så har du ikkje så mange å velje i. "Norge-Brasil, ein opera" er akkurat det du trur det er: Ein opera om den historiske fotballkampen i 1998, då Norge slo Brasil i VM. Eg har skrive orda. Helge Førde har skrive musikken. Nokon skal synge rolla som Kjetil Rekdal. Premieren er i oktober. Og billettsalet har i aller høgste grad starta.