Her finn du altfor mykje informasjon om meg, til glede for nerdar og andre som er spesielt interesserte i ein smal og uvesentlig del av nyare norsk historie.

 

Eg har gitt ut ein heil del bøker, for eksempel: 

  • Harry. 1999

  • Bibelen 2 (med Steffen Kverneland). 2002

  • Syden. 2002. Ny utgåve 2020

  • Nød. 2004

  • Våre venner kinesarane. 2007

  • Ny grunnlov. 2013

  • Hyttebok frå helvete. 2018

  • Meininga med livet. Eller: Yes Sir, I Can Boogie. 2021

    Eg har også gitt ut tre greatest hits-samlingar i bokform, som er den einaste plassen det er mulig å få tak i nokre av dei eldre bøkene mine, og «På scenen», ei samling med scenetekstar og historier frå det middels ville livet på scenen.

Eg skriv ikkje berre bøker altså. Eg hadde ei vekentlig satirisk spalte i Dagsavisen frå 1992 til 2011 og i Aftenposten frå 2011 til 2017.  

Eg har jobba mykje med radio. Først og fremst som programleiar for det vekentlige satireprogrammet «Hallo i uken» på NRK P2 frå 1994 til 2009. Har også jobba i NRK-program som RUSH, Nattradioen, Nitimen og Reiseradioen. 

Eg har også drive litt med TV, for eksempel som manusforfattar i dei forlengst gløymde satireprogramma «Egentlig» og «Egentlig i live» på NRK, seinare mellom anna som i overkant hyppig gjest og av og til vikarlagleiar i «Nytt på nytt»

I 2013 var eg manusforfattar og programleiar for humordokumentarserien «Riksforsamlinga», der eg laga ei ny og betre grunnlov, også det på NRK. 

For og på scenen har eg gjort ganske mykje. Her er noko av det:

  • Tusen år og like blid. Det Norske Teatret i Oslo og på turné i 1998-1999. 

  • 3 mot 1 er feigt. Sentrum Scene i Oslo og på turné i 2001-2003. 

  • Det folk vil ha. Det Norske Teatret i Oslo i 2005. 

  • Espen & Are. Turné 2011-2014.

  • Norge-Brasil, ein fotballopera. Opera Nordfjord i Nordfjordeid i 2010. Det Norske Teatret i Oslo i 2012.

  • Kalvø - ein time av livet ditt du aldri får tilbake. Det Norske Teatret i Oslo og turné 2014-2016.

  • Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical. Det Norske Teatret i Oslo 2015.

  • Hyttebok frå helvete. Turné/Latter Oslo 2018-2020.

  • Toppar VG-lista. Show. Det Norske Teatret og turné 2021-

Eg har også skrive tekstar for andre komikarar, jobba saman med Dagfinn Lyngbø og Pernille Sørensen på fleire av forestillingane deira, skrive manus til tullemusikalen Sound of Musvik (Centralteatret i Oslo 2004). Og eg har gjendikta to musikalar frå engelsk: Shockheaded Peter (Det Norske Teatret 2013-2016) og The Book of Mormon (Det Norske Teatret 2017-2019)

Prisar (utval, sa han skrytete):

  • Årets frilanser 1995

  • Vinjeprisen 1997

  • Oslo bys kunstnerpris 1998

  • Wesselprisen 1999

  • Sigmund Skard-stipendet 2001

  • Kringkastingsprisen 2005

  • Stå opp-prisen 2010

  • Komiprisen 2015 (årets forestilling: Kalvø, ein time av livet ditt du aldri får tilbake)

  • Komiprisen 2016 (årets forestilling: Halve kongeriket)

  • Storegutprisen 2016

  • Heddaprisen 2018 (beste scenetekst: omsetjinga av The Book of Mormon)