Her finn du altfor mykje informasjon om meg, til glede for nerdar og andre som er spesielt interesserte i ein smal og uvesentlig del av nyare norsk historie.
Eg har gitt ut ein heil del bøker, for eksempel:
Harry. 1999
Bibelen 2 (med Steffen Kverneland). 2002
Syden. 2002. Ny utgåve 2020
Nød. 2004
Våre venner kinesarane. 2007
Ny grunnlov. 2013
Hyttebok frå helvete. 2018
Berre bønder lengtar heim. 2024
Eg har også gitt ut tre greatest hits-samlingar i bokform, som er den einaste plassen det er mulig å få tak i nokre av dei eldre bøkene mine, og «På scenen», ei samling med scenetekstar og historier frå det middels ville livet på scenen.
Eg har jobba mykje med radio. Først og fremst som programleiar for det vekentlige satireprogrammet «Hallo i uken» på NRK P2 frå 1994 til 2009. Har også jobba i NRK-program som RUSH, Nattradioen, Nitimen og Reiseradioen.
Eg har også drive litt med TV, for eksempel som manusforfattar i dei forlengst gløymde satireprogramma «Egentlig» og «Egentlig i live» på NRK, seinare mellom anna som i overkant hyppig gjest og av og til vikarlagleiar i «Nytt på nytt».
I 2013 var eg manusforfattar og programleiar for humordokumentarserien «Riksforsamlinga», der eg laga ei ny og betre grunnlov, også det på NRK.
For og på scenen har eg gjort ganske mykje. Her er noko av det:
Tusen år og like blid. Revy på Det Norske Teatret i Oslo og på turné i 1998-1999. Manus og medverking.
3 mot 1 er feigt. Show på Sentrum Scene i Oslo og på turné i 2001-2003. Manus og medverking.
Sound of Musvik. Tullemusikal på Centralteatret I Oslo 2004. Manus.
Det folk vil ha. Revy på Det Norske Teatret i Oslo i 2005. Manus og medverking.
Julelatter 2010. Latter i Oslo og turné 2010-2011. Standup.
Espen & Are. Show på turné 2011-2014. Manus og medverking.
Norge-Brasil, ein fotballopera. Opera Nordfjord i Nordfjordeid i 2010. Det Norske Teatret i Oslo i 2012. Manus.
Shockheaded Peter. Musikal på Det Norske Teatret i Oslo 2013-2016. Gjendikting.
Kalvø - ein time av livet ditt du aldri får tilbake. Soloforestilling på Det Norske Teatret i Oslo og turné 2014-2016.
Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical. Det Norske Teatret i Oslo 2015. Manus.
The Book of Mormon. Musikal på Det Norske Teatret i Oslo 2017-2019. Gjendikting.
Hyttebok frå helvete. Soloforestilling på rurné/Latter Oslo 2018-2020.
Toppar VG-lista. Soloforestilling på Det Norske Teatret og turné 2021-2023.
Jul på Løvenvold. Show på Løvenvold Teater i Ålesund 2023. Manus og medverking.
Spynorsk, the musical. Det Norske Teatret 2024. Manus.
Berre bønder lengtar heim. Soloforestilling på turné/Latter Oslo 2024-2025.
Prisar (utval, sa han skrytete):
Årets frilanser 1995
Vinjeprisen 1997
Oslo bys kunstnerpris 1998
Wesselprisen 1999
Sigmund Skard-stipendet 2001
Kringkastingsprisen 2005
Stå opp-prisen 2010
Komiprisen 2015 (årets forestilling: Kalvø, ein time av livet ditt du aldri får tilbake)
Komiprisen 2016 (årets forestilling: Halve kongeriket)
Storegutprisen 2016
Heddaprisen 2018 (beste scenetekst: omsetjinga av The Book of Mormon)